Gode reisevanar

Du kan bidra til ei betre reise for deg og andre med nokre gode vanar.

  • Bli sett. Bruk refleksen òg der det er lys i gata.
  • Hald avstand. Hald minst ein meter avstand til bussane i bevegelse ved haldeplassane.
  • Gi teikn. Tidleg og tydeleg teikn hjelper sjåføren når du skal stoppe bussen.
  • Først av, så på. Ver høfleg og ta omsyn til andre reisande som skal gå av eller på.
  • Ver klar. Ha FRAM-appen, reisekortet og anna betaling klar før du går om bord.
  • Hald eventuell legitimasjon/dokumentasjon du treng for rabatterte billettar klar når du går om bord.
  • Gå samla. Når éin person skal betale for fleire, gå samla om bord.
  • Ha gyldig billett. Å reise utan er flaut og kan koste deg dyrt.
  • Tenk tryggheit. Ikkje gå i bussen under kjøring.
  • Bruk setebelte i bussane som har det og festereim for barnevogn.
  • Tenk på andre. Unngå høglydte og lange telefonsamtalar i bussen.
  • Del gjerne plassen din med nokon som treng han meir enn deg.
  • Hald bussen rein. Unngå søling eller rot med drikke og mat om bord.
  • Ha beina på golvet, ikkje i setet kor andre skal sitte.
  • Ta generelt omsyn til andre reisande. Det er så lite som skal til for at reisa blir hyggeleg for alle.

Mat og drikke

Vi ønsker at bussturen skal vere fin og triveleg for alle. Det betyr at vi må ta omsyn til medpassasjerane våre, også når det gjeld mat og drikke.

Husk at varm drikke i beger utan lokk kan vere farleg for andre passasjerar, og at mat med sterk lukt kan vere sjenerande. Matsøl og søppel er svært utrivelig for oss alle.

Dette kan du ikkje ta med på bussen

  • Drikke i opne beger (gjeld både kalde og varme drikker)
  • Varm mat
  • Iskrem
  • Potetgull, baconcrisp og liknande produkt  

Dette kan du ta med på bussen

  • Matpakke med brødskiver med pålegg som ikkje luktar sterkt
  • Baguette med «tørt» pålegg
  • Drikke i beger med lokk
  • Drikke på flaske med kork/topp
  • Sjokolade, drops og liknande
  • Frukt