FRAM

FRAM er merkevaren for det offentlege kollektivtransporttilbodet i Møre og Romsdal.  Det er også navnet på den avdelinga i fylkeskommunen som administrerer den offentlige transporten.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er ansvarleg for kollektivtransporten i fylket. Ulike busselskap og reiarlag utfører sjølve transporten på vegner av fylkeskommunen. Desse selskapa eig bussane, hurtigbåtane og ferjene. 

Dei fire busselskapa som køyrer for FRAM rår over om lag 380 bussar totalt, og det er over 700 sjåførar i sving for å køyre bussane. Totalt er det 5.500 busshaldeplassar i fylket.

På det meste har FRAM har 31 ferjer i drift pluss reserveferjene. Ferjene har anløp på 53 ferjekaier.

FRAM har tre eigne hurtigbåtsamband. I tillegg finns hurtigbåtlinje 800 som går mellom Kristiansund og Trondheim. Dette sambandet er drifta av AtB i Trøndelag. 

Totalt på buss, ferje og hurtigbåt er det 4 689 avgangar på ein heilt vanleg fredag i oktober. I løpet av eit år blir gjort om lag 18 millionar reiser på FRAM sine bussar, hurtigbåtar og ferjer.

Buss, hurtigbåt og ferje knyt fylket vårt saman!