Prisar frå 1. januar 2025
1. januar 2025 blir prisane for reiser med buss, hurtigbåt og ferje justert.
Buss
Hurtigbåt
Periodebillett for heile fylket
Periodebillett for heile fylket er for deg som reiser litt oftare over større avstandar i fylket med hurtigbåt og buss. FRAM har fire typar periodebillettar for heile fylket: FRAM Ung, FRAM Student, FRAM Vaksen og FRAM Honnør.
- FRAM Ung er for ungdom og unge vaksne til og med 20 år, altså fram til den dagen du fyller 21 år.
- Billetten er gyldig i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller frå datoen du aktiverer den.
- Du kan reise uavgrensa med FRAM sine bussar og hurtigbåtar, altså med det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
- Du kan bruke FRAM Ung på FRAM sine nattbussar.
- Billetten gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer/båtruter eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet.
Dersom du skal reise inn eller ut av Møre og Romsdal, må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som skjer i eit anna fylke. Det er to unntak:
- Du kan bruke FRAM Ung når du reiser med FRAM Ekspress i tidlegare Halsa og Rindal kommunar. For alle andre reiser inn til eller ut av Møre og Romsdal, må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som skjer i eit anna fylke.
- På hurtigbåtrute 800 mellom Kristiansund og Trondheim kan du bruke FRAM Ung mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen. FRAM Ung kan ikkje lesast av på billettlesaren om bord i denne hurtigbåten. Ta derfor vare på kjøpskvitteringa og vis fram denne saman med FRAM Ung-billetten din. Skal du reise lenger enn Kjørsvikbugen, må du kjøpe billett hos AtB.
- FRAM Student er for studentar til og med 29 år, altså fram til den dagen du fyller 30 år.
- Billetten er gyldig i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller frå datoen du aktiverer den.
- Du kan reise uavgrensa med FRAM sine bussar og hurtigbåtar, altså med det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
- Du kan bruke FRAM Student på FRAM sine nattbussar.
- Billetten gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer/båtruter eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet.
- Du kan bruke FRAM Student når du reiser med FRAM Ekspress i tidlegare Halsa og Rindal kommunar. For alle andre reiser inn til eller ut av Møre og Romsdal, må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som skjer i eit anna fylke.
- FRAM Student gjeld ikkje på hurtigbåtrute 800 mellom Kristiansund og Trondheim.
- FRAM Vaksen er for deg som er over 18 år.
- Billetten er gyldig i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller frå datoen du aktiverer den.
- Du kan reise uavgrensa med FRAM sine bussar og hurtigbåtar, altså med det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
- Du kan bruke FRAM Vaksen på FRAM sine nattbussar.
- Billetten gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer/båtruter eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet.
- Du kan bruke FRAM Vaksen når du reiser med FRAM Ekspress i tidlegare Halsa og Rindal kommunar. For alle andre reiser inn til eller ut av Møre og Romsdal må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som skjer i eit anna fylke.
- FRAM Vaksen gjeld ikkje på hurtigbåtrute 800 mellom Kristiansund og Trondheim.
- FRAM Honnør er for deg som er over 67 år eller som reiser med eit gyldig honnørbevis.
- Billetten er gyldig i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller frå datoen du aktiverer den.
- Du kan reise uavgrensa med FRAM sine bussar og hurtigbåtar, altså med det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
- Du kan bruke FRAM Honnør på FRAM sine nattbussar.
- Billetten gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer/båtruter eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet.
- Du kan bruke FRAM Honnør når du reiser med FRAM Ekspress i tidlegare Halsa og Rindal kommunar. For alle andre reiser inn til eller ut av Møre og Romsdal må du kjøpe tilleggsbillett for den delen av reisa som skjer i eit anna fylke.
- FRAM Honnør gjeld ikkje på hurtigbåtrute 800 mellom Kristiansund og Trondheim.
Ferje
For ferje betaler du med AutoPASS på alle fylkesvegferjer i Møre og Romsdal.
Sjå billettprisar for ferjene i ferjepriskalkulatoren