Ofte stilte spørsmål Kvar kan eg reise med skoleskysskortet?Skoleskysskortet gjeld på strekninga mellom bustad og skoleKortet gir rett til skyss til og frå skolen i ordinær starttid og sluttid for undervisningaKortet fungerer som ein billett med to reiser kvar dag med undervisning, inkludert overgang (ei reise til og ei frå skolen)Du kan ikkje bruke kortet i samanheng med ekskursjonar og andre aktivitetar i skoletida, og utplassering på vidaregåande skoleGjeld berre på dagar med undervisning på skolenKortet inneheld informasjon om strekning og reisetid som gjeld deg personlegDu skal ikkje låne ut kortet til andreEleven har mista skoleskysskortet sitt. Kva gjer vi?Elevar som mister skolekortet sitt må ta kontakt med skolen for å få nytt skolekort.Kvifor må det leverast ny erklæring kvart skoleår for elevar med tilrettelagt skoleskyss?Fylkeskommunen ved FRAM er forplikta til å ha oppdatert dokumentasjon på eleven sitt behov til ei kvar tid.Føresetnader og evner kan endre seg over tid. Ei oppdatert legeerklæring må difor leggast ved alle nye søknader om skoleskyss for at fylkeskommunen ved Skyss skal ha nok opplysningar før eit enkeltvedtak blir fatta.Kvifor får eg avslag på tilrettelagt sjølv om eg har legeerklæring?Ein lege kan ikkje innvilge skoleskyss, men må gi forvaltninga grunnlag for å vurdere retten etter opplæringslova.Dersom eleven har behov for tilrettelagd skoleskyss med drosje/privatbil må dette vere grunngitt i dokumentasjonen. Utgangspunktet for skoleskyss er at alle elevar som kan, skal nytte kollektivtransport.Legeerklæringa må seie noko om:Grunnen til at eleven har redusert reiseevne (diagnose og beskriving av utfordringar med skolereisa).Kva type transport det blir søkt om (buss, skyss utført med eige transportmiddel, taxi).Anslått tidsrom for når eleven treng slik transport (veker, månader, år).Forvaltningslova seier at “saken skal være så godt opplyst som mulig før vedtak treffes”, og fylkeskommunen har teieplikt. Elevar og føresette må gi skolen og fylkeskommunen den informasjonen som er nødvendig for at FRAM kan fatte vedtak om skoleskyss. Dersom det ikkje blir gitt slik informasjon kan det føre til at søknaden om skoleskyss blir avslått.Eleven har ein avtale etter skolen. Kan drosje hente tidligere enn vanleg?Fylkeskommunen ved FRAM gir berre skoleskyss til vanleg skolestart- og slutt. Ein kan ikkje endre på tida for skyssen, berre seie den opp. Skyss til andre familiemedlemmer, fritidsaktiviteter, foreldres jobb eller annet må ordnes privat.Kva er forskjellen på fylkeskommunal og kommunal skoleskyss?Fylkeskommunen ved FRAM sitt ansvar:Fatte vedtak om skoleskyss grunna avstand eller på medisinsk grunnlag.Organisere skoleskyssen.Kommunen sitt ansvar:Fatte vedtak om skoleskyss grunna særleg farleg skoleveg når skolevegen er under 2 kilometer for elevar i 1. klasse og 4 kilometer for elevar i 2. - 10. klasse.Merk: Farleg skoleveg gjeld ikkje for elevar i vidaregåande skole.Vi bur i midlertidig bustad grunna oppussing eller lignande. Får barnet skoleskyss dit?Nei, dessverre. Skoleskyss til midlertidig bustad må de organisere sjølve.