Travel like the locals
Her kan du finne informasjon om turistsatsinga med kollektivtilbodet, kalt Travel like the locals.
Turistopplevingar med offentleg transport!
Når du reiser med offentleg transport, får du ei heilt unik oppleving av området du besøker.
Vi har gjort det enkelt for deg å reise kollektivt når du er turist hos oss. Vi har sydd saman dei mest populære reiserutene i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs.
Vel ditt utgangspunkt nedanfor, les meir om dei ulike turane og bestill enkelt på nett. Billetten får du på e-post saman med ei turbeskriving.
Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i Møre og Romsdal og Vestland.
God tur!
Her kan du finne befordringsvedtektene for reiser med bussane.
Her kan du finne informasjon om personvern.
Vel din avgangsstad
Turar frå Kristiansund, Smøla og Trondheim
På våre turar frå Kristiansund kan du oppleve dei mystiske marmorgrottene på Bergtatt og Kvernes stavkirke. Du kan besøke Veiholmen - det vakre fiskeværet ytterst mot havgapet på Smøla. Du kan og besøke nabobyane Molde og Åndalsnes, eller dra til Trondheim med hurtigbåt. Du kan og reise frå Trondheim til Kristiansund. Vi har og tilbod om reiser frå Smøla og Trondheim til Kristiansund.
Turar frå Molde
Opplev dei mystiske marmorgrottene på Bergatt eller reis til Ona - øya ytterst i havgapet eller til fiskeværet Bud. Du kan og reise til nabobyana Kristiansund og Ålesund eller til Åndalsnes med moglegheit for å reise vidare med tog. Flotte fjellturar å Midsund og tur til Geiranger er og tilgjengeleg frå Molde.
Her finn du meir informasjon om turane frå Molde og moglegheita for å bestille.
Turar frå Åndalsnes
Frå Åndalsnes kan du reise til Geiranger via Trollstigen, enten ein veg eller som rundtur. Du kan og ta buss til Trollstigen og gå ein fottur derfra før du returnerer til Åndalsnes. Det er mogleg å ta ein rundtur til Molde¨, eller envegsturar til Ålesund, Molde og Kristiansund.
Her finn du meir informasjon om turane frå Åndalsnes og moglegheita for å bestille.
Turar frå Ålesund og Fosnavåg
Fra Ålesund har du mange moglegheiter. Opplev sjø og hav på turane til Nordøyane, Godøy og Alnes fyr, Runde og Finnøya & Ona. Sjå fjell og fjord på turane til Geiranger, Valldal, Trollstigen og Stranda & Storfjord. Besøk dei mystiske marmorgrottene på Bergatt, og opplev "Havlandet" og nabobyane Molde og Kristiansund.
Her finn du meir informasjon om turane frå Ålesund og Fosnavåg og moglegheita for å bestille.
Turar frå Geiranger og Hellesylt
Fra Geiranger kan du ta turen til Åndalsnes via Ørnevegen og Trollstigen. Du kan enten reise en veg eller ta en rundtur. Du kan også reise til jugendbyen Ålesund og Molde - rosenes by, og du kan reise til Stryn. Vi tilbyr også returtransport frå Ljøen til Herdalen for turgåarar som har gått Den Trondhjemske postvei frå Herdalen til Ljøen.
Her kan du finne meir informasjon om turane frå Geiranger og Hellesylt og moglegheita for å bestille.
Turar frå Stryn
Frå Stryn kan du reise med FRAM til til Geiranger, enten ein veg eller på rundtur. Du kan og reise frå Stryn til Ålesund.
Her finn du meir informasjon om turane frå Stryn og moglegheita for å bestille.