Sanntid
Sanntidsinformasjonen gjer at vi kan oppgi avgangen til bussen, hurtigbåten og ferja nesten heilt nøyaktig.
I reiseplanleggaren på nettsida og i FRAM-appen får du opp søk med denne informasjonen. Det gjer det enklare og føreseieleg for deg å reise kollektivt.
Sanntid på bussane
Du kan sjekke avgangane i sanntid gjennom FRAM-appen og reiseplanleggaren. Tenesta gjeld for dei fleste område.
Avgangane med sanntid blir vist i gult om det er avvik. Det gjer det enklare og føreseieleg for deg å reise kollektivt.
Her er nokon av fordelane med å ha sanntidsinformasjonen om bord i bussane:
- Neste haldeplass bli automatisk lese opp over ein innvendig høgtalar
- Skjermen inne i bussen vil gje deg informasjon om stoppestadene på ruta
- Når bussen stoppar ved haldeplassen vil det vere utvendig opplesing av rute og destinasjon, slik at du som skal gå på bussen får betre informasjon
Skilt på ferjekaiene
Skilta viser berekna tid for når ferja vil køyre frå kaia med klokkeslettet og tel ned frå 10 til 0 minutt. Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid etter rutetabellen i klokkeslettform (tt:mm). Vi har skilt med sanntid på 36 kaier.