Refusjon
Slik kan du be om refusjon for billetten.
Kontaktskjema
Om du vil be om refusjon etter feil på billetten, at du har blitt trekt feil frå bankkonto eller andre årsaker, kan du sende inn kravet digitalt gjennom kontaktskjemaet saman med ferdig utfylt skjema for refusjon og kvittering (som vedlegg).
Refusjonsskjema
Har du blitt sjukemeldt eller anna som gjer at du vil ha refundert periodebilletten/verdien på reisekortet, kan du fylle ut skjemaet for refusjon og sende inn. Krav om refusjon blir behandla av FRAM Kundesenter.
Ein periodebillett 30 dagar kan løysast inn i den perioden det er gyldig for. Det vert sett på som om billetten er nytta t.o.m. den dag billetten vert sperra. Refusjon vert gitt etter denne formelen: Pris for periodebillett med frådrag av 2 reiser pr. dag til enkeltbillett.
Refusjon av periodebillett 30 dagar ved sjukdom: Billetten blir sperra for bruk, og refusjon vert gitt mot legeerklæring med 1/30 av billettprisen (30-dagar periodebillett) pr. dag billetten ikkje har vore nytta.
Her kan du finne kontaktinformasjonen til FRAM Kundesenter.
Reisegarantiskjema
Måtte du reise alternativt med taxi eller privat bil fordi bussen kom for seint til avgangen, er det mogleg at det blir dekka av reisegarantien.