Vi oppgraderar!

Sidan i fjor haust har FRAM fått både ny nettside, nettbutikk og app. No er også ny billettløysing om bord i bussane i ferd med å bli rulla ut fleire stader i Møre og Romsdal. 

Utvikling og drift av dei digitale tenestene våre blir gjort i tett samarbeid med kundane våre og andre mobilitets-/kollektivselskap og fylkeskommunar i Noreg.

FRAM deltek nemleg i eit nasjonalt samarbeid som heiter Offentlig mobilitetssamarbeid (OMS). Dette samarbeidet sørger for at vi og fleire andre aktørar jobbar saman for å finne dei beste løysingane for dei digitale tenestene vi har til felles. I dag deltek AtB i Trøndelag, Reis Nordland, Agder kollektivtrafikk, Innlandstrafikk, Vestfold kollektivtrafikk, Farte i Telemark, Troms fylkestrafikk, Entur og FRAM i dette fellesskapet – altså mobilitets-/kollektivselskap frå nesten heile landet!

Ny billettløysing om bord

I tillegg til ny app, nettbutikk og nettside, er vi altså i ferd med å rulle ut ny billettløysing om bord i bussane i fylket. Vi treng ny løysing for billettsal fordi det gamle systemet og utstyret er utdatert, og har passert forventa levetid. FRAM må vere rigga for å handtere framtidige reisebehov og kundane sine forventningar om brukarvennlege og moderne løysingar. I tillegg må systema oppfylle EU-krav og visjon om enklare reiser i heile Europa.

Målet vårt er at desse nye digitale tenestene skal sørge for at det blir enklare for folk å reise kollektivt i fylket vårt og elles i landet.

 

Jente som leser av billetten om bord på bussen. Foto. - Klikk for stort bilete Terje Aamodt

Billegare å bruke FRAM-appen

Som kunde er du i utgangspunktet sjølv ansvarleg for å ha gyldig billett. For nokre kan det vere utfordrande med digitale tenester, og til dei har vi ei løysing for billettsal om bord. Men billettering om bord i bussen tek tid, og FRAM ønsker derfor at alle som kan, kjøper billett på førehand i appen eller i nettbutikken. Då brukar bussen kortare tid på å køyre turen.

I FRAM-appen er billettprisen for ein vaksen 20 kroner billegare enn ved kjøp om bord. Du får også ei rekke andre fordelar i appen:

  • Enklare billettkjøp: Du kan både planlegge og kjøpe billett til reisa di i appen, og du har alltid billetten i lomma.
  • Sanntidsinformasjon: Du finn enkelt ut når bussen går, og du har moglegheit til å følgje bussen direkte på kartet i appen.
  • Varsling: Med push-varslingar i appen får du varsel når billetten går ut – og etter kvart også varsel om favorittavgangane dine, slik at du veit om det blir endringar.

 

Jente ståande og bruker FRAM-appen. Bilete. - Klikk for stort bilete Terje Aamodt

Alltid under utvikling

Sjølv om både ny nettside, nettbutikk og app har vore lansert ei stund, og er tatt i bruk av mange, er desse tenestene likevel ikkje ferdige. Det blir dei heller ikkje med det første, for det kjem stadig på plass nye funksjonar og oppdateringar som skal gjere det enklare for alle å bruke dei. Utviklinga blir gjort i tett samarbeid med kundar, gjennom brukartesting, undersøkingar og samtaler.

Også den nye billettløysinga for kjøp om bord, er under stadig utvikling. Som med alle nye system, kan det vere utfordringar i oppstartsfasen, men vi er i dagleg kontakt med sjåførar, operatørar og utviklarar for å gjere kontinuerlege forbetringar.

Samarbeid gir lågare kostnadar

Når fleire aktørar i OMS går saman om å utvikle tenestene i lag, blir utviklingskostnadane lågare enn viss vi skulle jobba med dette kvar for oss. Det gjer også at det blir mogleg å få på plass gode løysingar som vi elles ikkje ville hatt midlar til å utvikle på eiga hand. Når vi bruker dei same digitale løysingane, blir det òg enklare å reise på tvers av fylkesgrensene.

Gje oss dine tilbakemeldingar

Vi vil gjerne høyre om dine erfaringar med FRAM sine digitale tenester. I FRAM-appen kan du rapportere om feil eller foreslå forbetringar. Du kan sende inn dette via ikonet for snakkeboble, øvst til høgre i appen. På nettsidene våre kan du bruke funksjonen «Fann du det du leita etter?» som ligg nedst på dei fleste sidene.