Skriftstørrelse
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
English

Ofte stilte spørsmål

Her kan du finne svar på spørsmål som ofte blir stilt til FRAM Kundesenter på telefon og i kontaktskjemaet.

Kva kan eg bruke reiseplanleggaren til?

I reiseplanleggaren kan du leggje informasjon om kor du vil reise frå og til og få informasjon om fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom avgangane du for oppgitt. Berekn overgangstid i tillegg til eventuelt gangtid mellom haldeplassane. Her kan du søke i reiseplanleggaren.

Bussen kom ikkje, kva gjer eg for å få refundert billetten?

Du kan bruke reisegarantien til FRAM for å få dekt utgiftene til alternativ transport med drosje eller privatbil o.l. Her kan du finne informasjon om reisegarantien og skjemaet til å sende inn.

Kva er FRAM-appen?

Med FRAM-appen kan du kort fortalt bruke mobiltelefonen til å søke i reiseplanleggaren, kjøpe billetten, og sjekke om det er avvik på avgangen. Alt er samla i éin app. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen.

Kan eg bruke FRAM-appen på billettlesarane i bussen og hurtigbåten?

Ja, det kan du. For å bruke billettlesarane finn du fram billetten og koden for billetten i FRAM-appen, og hald skjermen til mobiltelefonen cirka fem centimeter foran kameraet i bunnen av lesaren. Eventuelt først éin gong for å aktivere det blå lyset for kameraet til lesaren (om det har slått seg av), og éin gong til for å lese av koden. Dette tek cirka to-tre sekund. Om det tek lengre tid, prøv å hald mobilen heilt i ro, beveg mobilen lengre unna eller nærmare lesaren.

Er billetten gyldig blir skjermen på billettlesaren grønn, og du høyrer ein lyd. Er billetten ugyldig, blir skjermen raud og du høyrer ein annan lyd.

Kan eg betale med bankkort om bord?

Ja, alle bussane og hurtigbåtane til FRAM har bankkortterminalar tilgjengeleg. Det har også ferjene.

Kva er reisekortet?

Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. Her kan du finne informasjon om reisekortet.

Er det mogleg å sende ei pakke med bussen eller hurtigbåten?

Ja, å sende ei pakke med bussen eller hurtigbåten er enkelt og eit godt alternativ for å få levert pakken raskt. Det er viktig å vite at avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke med bussen eller hurtigbåten. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad eller kai for å ta imot pakken når bussen/hurtigbåten kjem. Uhenta pakkar/varer blir returnert til avsendarstaden/ekspedisjonen. Her kan du finne prisane for sending av pakke med bussen eller hurtigbåten.

Merk! For å bestille fraktmerke, send e-post til busspakkar@mrfylke.no med talet fraktmerke du treng. I tillegg til org.nr., firmanamn, firmaadresse, fakturaadresse og leveringsadresse.

Er det barnesete tilgjengeleg i bussane?

I bussane som køyrer i distrikta og på FRAM Ekspress-linjene er det to barnesete tilgjengeleg (med nokre unntak). Er det fleire barn som treng barnesete og skal reise, anbefaler vi å ta med eigne barnesete.

Bussane som køyrer berre i byane, har ikkje barnesete om bord.

Kva er bestillingstransport?

Dette er transport som berre køyrer på bestilling, som regel med taxi. Her kan du finne informasjon om bestillingstransport og bestille ein tur.

Får eg refundert periodebilletten om eg ikkje brukar han?

Om du er 100 prosent sjukemeldt i minst åtte dagar, kan du få refundert den delen av perioden som er igjen for billetten frå og med den første sjukemeldingsdagen. Utrekninga av refusjonsbeløpet gjer vi når du har sendt inn ein kopi av sjukemeldinga, kjøpskvittering for periodebilletten og eit utfylt skjema for refusjon. Her kan du finne refusjonsskjemaet. Send det i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

Når er det skoledag og skolefri?

For enkelte av avgangane til bussane er tilbodet ulikt for skoledagane og skolefri, dette vil vere merka i rutetabellen. Her kan du finne informasjon om skolekalenderen (skoleruta).

Bruker du FRAM-appen og reiseplanleggaren til å finne rutetidene, treng du ikkje tenke på dette. Heilt enkelt.

Fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger er stengd, kva skjer no?

I tilfella kor det har gått eit ras/skred kan det bli sett inn alternativ rute med ferje mellom Hellesylt og Geiranger om vegen blir stengd lenge. Her kan du finne informasjon om den alternative ruta for fylkesvegen om vegen er stengd.

Kva er betalingsordinga for ferje?

Betalingsordninga for ferjestrekningene i heile landet, blir kalt AutoPASS for ferje.

I Møre og Romsdal kunne du begynne å betale på ferjene med AutoPASS-ferjekort frå og med 1. januar 2019. Her kan du finne informasjon om AutoPASS.

Merk! Frå 6. april 2020 gjeld billettering ved skiltgjenkjenning og det kom nye prisar for ferje. Du skal ikkje betale manuelt til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Eg kan gløymt noko på bussen, hurtigbåten eller ferja, kva gjer eg?

Du kan kontakte hurtigbåten og ferja eller operatøren for bussen. Om det er mogleg å spore deg opp som eigar av gjenstandane som er gløymde, blir du kontakta. Her kan du finne informasjon om hittegodset.

Korleis fungerar ordninga med prioritering på ferjesambandet 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona?

Frå 1. juli 2022 får faste arbeidspendlarar og innbyggarane som bur på øyane Ona, Sandøy og Orta prioritering på ferjesambandet. Prioriterte reisande utan køyretøy, treng ikkje bevis på at dei er fastbuande eller arbeidspendlar. Her kan du finne informasjon til prioriterte grupper på sambandet 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.