Viktig om prisar, verdidel på reisekortet og FRAM-appen frå 1. januar 2024

Frå 1. januar 2024 er det nokre endringar du må vere merksam på som gjeld billettprisar, verdidel på reisekortet og FRAM-appen.

Du må ha den nye FRAM-appen

Frå 1. januar 2024 må du ha den nye FRAM-appen. Det er ikkje lenger mogleg å kjøpe billett i den gamle appen. 

Den nye appen har fått mørkeblå bakgrunn på ikonet og har tatt over namnet «FRAM». Merk at dette er ein heilt ny app og ikkje berre ei oppdatering av den gamle. 

Du kan laste ned den nye appen frå App Store og Google Play.

Les meir om FRAM-appen

Barn og honnør kan ikkje lenger bruke verdidel

Frå 1. januar 2024 kan ikkje barn og honnør bruke verdidel, eller det som også blir kalla reisepengar. Vaksne kunne bruke dette fram til 1. november 2023.

Du kan altså ikkje lenger «sette inn pengar» på reisekortet og kjøpe billettar med denne verdien. Har du eit reisekort med verdi på, kan du få refundert beløpet frå FRAM.

Send inn skjema for refusjon av verdidelen

Justerte billettprisar

Billettprisane blir justert frå 1. januar 2024. 

Oversikt over prisar