Ørskog: Haldeplassane Abelset og Lande i austgåande retning stengde frå onsdag 3. april

Frå og med onsdag 3. april 2024 blir busshaldeplassane Abelset og Lande ved Sjøholt stengde permanent på grunn av manglande trafikktryggleik. Dette gjeld haldeplassane i austgåande retning (mot Ørskogfjellet, Vestnes).

Alternative haldeplassar for Abelset er Bøen eller Gaupefloget. 

Alternative haldeplassar for Lande er Valgermokrysset eller Steinholt.