Nytt ruteopplegg i Molde

1. januar rulla 19 nye elbussar ut på vegane i Molde og Gjemnes då ny busskontrakt starta opp. Samtidig vart det også endringar i ruteopplegget.

Elbuss som blir lada. - Klikk for stort bileteNye elbussar til lading i Krohnsvingen i Molde.

Vêrgudane sørga for ein aldri så liten elddåp med heftig vintervêr i den første driftsveka, men så langt har dei nye elbussane takla vinteren godt. 

– Både lading og det tekniske på bussane har fungert godt, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Men som alltid med heftig vinterver, opplever vi ein del forseinkingar på grunn av utfordrande køyreforhold.

Endringar i rutene

I den nye busskontrakten er det også endringar i ruteopplegget. Dette heng mellom anna saman med prioritering av det nye sjukehuset på Hjelset, for å sørge for eit kollektivtilbod for tilsette, pasientar og besøkande der.

– Første driftsveke med nytt ruteopplegg har blitt påverka av vintervêret, seier Helle-Tautra.

– Det er mykje som skal klaffe i innkøyringsfasen, og då er vi meir sårbare for ver og føre. Vi har mellom anna hatt forseinkingar på busslinje 701 dei siste dagane, og det er sjølvsagt beklageleg.

Auka frekvens

Hender som holder en mobil. - Klikk for stort bileteOppdaterte rutetider og sanntidskart for bussen din finn du i FRAM-appen. Tingh

Linje 701 er den bybusslinja i Molde som er mest endra i det nye ruteopplegget. Her er det no avgangar kvart 15. minutt i rushtida, noko som gir ein betydeleg betre frekvens enn tidlegare.

–  Vi jobbar med å løyse forseinkingane på 701 og gjer naudsynte rutejusteringar undervegs. I mellomtida må vi be passasjerane våre om å vere litt tolmodige. Sjekk gjerne busslinja di ein ekstra gong i reiseplanleggaren vår, der er det oppdaterte rutetider og du kan følgje bussen din i sanntid i kartet, oppmodar FRAM-sjefen.

Også andre linjer har vore noko forseinka i forhold til ruteplanen, og FRAM følger derfor med på dei ulike linjene for eventuelt å gjere justeringar.

Endringar i Nordbyen

I Nordbyen er det endringar på busslinje 702 og 703:

Linje 702 går frå Hatlelia via Molde trafikkteminal – Bergmo – Råkhaugvegen. Der byter bussen over til linjenummer 703, som då fortset frå Råkhaugvegen via Granlia – Langmyrvegen – Molde trafikkterminal.

Det same gjeld motsett veg. Same buss fortset vidare med nytt linjenummer, det er ikkje bytte av buss. Dette gjeld dei fleste avgangar i løpet av dagen. 

På formiddagen skiftar 702 frå å gå kvart 30. minutt til å gå kvart 60. minutt. Då er det nokre avgangar der det ikkje er skifte av linjenummer, men buss som snur og køyrer tilbake same veg. Kva avgangar dette gjeld finn ein i reiseplanleggaren på frammr.no eller i FRAM-appen og Entur-appen.

Busslinjer til SNR Hjelset og til Lundavang

Hovudlinjene for bussreiser til og frå det nye sjukehuset på Hjelset er 714 Molde–Kleive og 100 FRAM Ekspress Ålesund–Molde–Kristiansund.

I tillegg køyrer også linje 902 og 905 innom sjukehuset. I sørgåande retning køyrer 905 innom sjukehuset berre dersom det er passasjerar som skal av der.

Linje 714 startar og avsluttar på Lundavang på enkelte avgangar. Kva avgangar det gjeld finn ein i reiseplanleggaren.

– Vi har fått tilbakemeldingar på at det er behov for at linje 702 skal stoppe ved Lundavang, og dette er ei av justeringane vi ser på no, opplyser Helle-Tautra.