Elektrisk oppstart: Utsleppsfrie bussar på plass i Molde og Gjemnes

1. januar rulla 19 splitter nye elbussar ut på vegane i Molde og Gjemnes då den nye busskontrakten starta opp.

Elbuss som blir lada. - Klikk for stort bilete

Vêrgudane sørga for ein aldri så liten elddåp med heftig vintervêr, men om lag ei veke etter oppstart kan FRAM og Vy Buss konstatere at elbussane har takla vinteren. Måndag 6. januar var det markering av oppstarten i Krohnsvingen i Molde.

Glad for å vere i gang

Ei kvinne og ein mann. Eit skilt i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteRegiondirektør i Vy Buss, Heidi Renolen og avdelingssjef i FRAM, Stig Helle-Tautra er begge fornøgde med å vere i gang med ny busskontrakt i Molde og Gjemnes.

Avdelingssjef i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune, Stig Helle-Tautra, er godt fornøgd med dei nye bussane så langt.

– Det er alltid spennande når ei ny kontrakt med nytt bussmateriell skal starte opp, seier han.

– Vy Buss har gjort ein god jobb og oppstarten er vel gjennomført. No er vi veldig glade for at FRAM har fått på plass utsleppsfrie bussar også i Molde og Gjemnes.

Også Heidi Renolen, regiondirektør i Vy Buss, er glad for å vere i gang.

– Det har vært mange flinke folk i sving for å få alt klart til oppstart. Det er veldig stas å kunne levere eit busstilbod med heilt nye elbussar,  som vi trur passasjerane vil like veldig godt å reise med, seier ho.

Komfort og sikkerheit

FRAM-sjef Stig Helle-Tautra trur også at passasjerane blir fornøgde med dei nye bussane.

– Dei representerer eit løft, både når det gjeld komfort og sikkerheit. Mange vil nok mellom anna sette pris på at dei nye bussane har uttak for lading av mobil, seier han.

Alle setene i ny-bussane har sikkerheitsselar, også i bybussane. I tillegg er det hjartestartar om bord i alle bussane.

– Dette er vi spesielt glade for. Når kvar enkelt buss er utstyrt med hjartestartar fører det til ei betydeleg auke i tilgangen til slikt utstyr rundt omkring, seier Helle-Tautra.

Ruteendringar

Den nye kontrakten inneberer også ein del ruteendringar. Mellom anna er nysjukehuset på Hjelset prioritert, for å sørge for eit kollektivtilbod for tilsette, pasientar og besøkande.

Busslinje 701 i Molde har fått auka frekvens, der er det no avgangar kvart 15. minutt i rushtida.

FRAM-sjefen oppmodar alle reisande om å sjekke si busslinje for endringar, i reiseplanleggaren på frammr.no, i FRAM-appen eller i Entur-appen.

Åtte personar står framfor ein buss. - Klikk for stort bileteFRAM og Vy Buss markerte oppstarten av ny busskontrakt måndag 6. januar. F.v.: Harald Harstad, seksjonsleiar for FRAM drift, Jesper Wiig, samferdselsdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune, Frode Westad, avdelingsleiar i Vy Buss Molde, Malene Hammerstrøm kontraktsansvarleg i FRAM drift, Heidi Renolen, regiondirektør Vy Buss, Tore Larsen, områdesjef i Vy Buss, Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM og Ole Engebret Haugen, konserndirektør i Vy Buss.