Ålesund: Haldeplassane Myrland snuplass og Nørvegata vest stengd ein periode frå 2. april

Frå tysdag 2. april 2024 blir to haldeplassar i Ålesund midlertidig stengd på grunn av gravearbeid.

Myrland snuplass

Haldeplassen Myrland snuplass blir midlertidig stengd ein periode frå tysdag 2. april på grunn av gravearbeid. Arbeidet er venta å ta ca. 8 veker.

Alternativ haldeplass er Famo. 

Nørvegata vest

Haldeplassen Nørvegata vest i retning mot Ålesund sentrum blir stengd frå og med tysdag 2. april til og med onsdag 24. april. Stenginga skyldast oppgradering av haldeplassen.

Alternativ haldeplassar er Kolvikbakken eller Bønørve.