1060 Åfarnes–Sølsnes: Delvis nattestengt frå natt til 4. april

Frå natt til 4. april vil arbeidet med å klargjere ferjesambandet Åfarnes–Sølsnes for elektrisk drift fortsette. Dette gjer at sambandet blir delvis nattestengt fram til 5. mai.

Sambandet Åfarnes–Sølsnes skal bli elektrifisert i 2024. Frå før er infrastruktur og ladetårn på land klargjort, og i mars starta arbeidet med programmering av kommunikasjon mellom ferje og infrastruktur på land. Arbeidet blei ikkje ferdig til påske som planlagt, og vil derfor fortsette frå natt til 4. april. Det er planlagt at arbeidet skal vare til 5. mai og sambandet er stengt mellom kl. 00.00 og 03.30 i perioden. Bereskapsturar vil bli gjennomført som vanleg.

Når programmeringa går føre seg, må ei av dei to ferjene ligge i ferjekaia og vere kopla opp mot ladetårnet. Dette er årsaka til at sambandet blir stengt under programmeringa.

FRAM oppmodar reisande om å finne oppdaterte rutetider i reiseplanleggaren her på frammr.no eller i FRAM-appen. Rutetabellen ligg også som pdf. her på frammr.no, på nettsida for rutetabellar for ferjene i Møre og Romsdal.

Omkøyringsveg til og frå austlandet blir via ferjesambandet Vestnes–Molde eller E39 Dombås–Oppdal–Molde.
 

Følgande avgangar blir kansellert eller utsett i sambandet Åfarnes–Sølsnes:

Måndag–fredag:

frå Åfarnes kl. 00.00 – kansellert
frå Sølsnes kl. 01.40 – kansellert
frå Åfarnes kl. 02.45 – utsett til kl. 03.30
frå Sølsnes kl. 03.05 – utsett til kl. 03.50

Natt til laurdag:

frå Åfarnes kl. 00.40 – kansellert
frå Sølsnes kl. 01.00 – kansellert
frå Åfarnes kl. 01.20 – kansellert
frå Sølsnes kl. 01.40 – kansellert
frå Åfarnes kl. 02.45 – utsett til kl. 03.30
frå Sølsnes kl. 03.05 – utsett til kl. 03.50