Kjøpe billett
Skal reise med buss eller hurtigbåt kan du kjøpe billett på fleire måtar.
Det er raskare og billegare å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen eller med eit reisekort. Om du betalar med kontantar eller bankkort om bord blir det lagt til eit ombordtillegg. Det er ikkje ombordtillegg for barn og honnør. Her finn du informasjon om ombordtillegget.
Opplever du problem eller feil med FRAM-appen eller nettbutikken, ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00.
I FRAM-appen
Du kjøper alle typar billett i mobilappen FRAM. Når du skal reise, les du av QR-koden på billetten på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten. QR-koden er den mønstra firkanten du ser i billetten din. Du kan trykke på QR-koden for å gjere han større.
I FRAM-appen veljer du om du vil betale med betalingskort (bankkort/kredittkort) eller Vipps. Veljer du betalingskort, vil du nokre gongar bli beden om å identifisere deg med BankID. Kravet om BankID ved kortkjøp kjem på grunn av nye reglar for identitetskontroll i EU sitt betalingsdirektiv.
Her finn du meir informasjon om FRAM-appen og korleis du lastar den ned til din telefon.
Med reisekort
Eit reisekort er eit fysisk plastkort. På dette kortet kan du legge periodebillettar og du kan sette inn pengar på kortet for å kjøpe enkeltbillettar med. Du kan ha periodebillett og pengar på same kort.
Reisekort kan du få på bussen, hurtigbåten, på trafikkterminalane eller ved å bruke vårt bestillingsskjema på nett.
Det første reisekortet er gratis. Mistar du eller øydelegg kortet og må ha nytt, er det eit kortgebyr på 100 kroner.
Når du har eit reisekort, kan du fylle på det på bussen, hurtigbåten, på trafikkterminalane og i FRAM sin nettbutikk.
Registrer reisekortet ditt – det kan lønne seg
Har du reisekort er det lurt å kontakte FRAM Kundesenter eller ein av trafikkterminalene i fylket og registrere kortet. Er kortet registrert på ein brukar, kan kundesenteret og trafikkterminalene enkelt finne kortinformasjonen viss du er uheldig å miste det. Da kan du overføre eventuelt gjenståande produkt til nytt kort.
Er ikkje kortet registrert må du vite kortnummeret for å få overført gjenståande produkt til nytt kort. Det er derfor lurt å notere ned nummeret på reisekortet viss du ikkje vil registrere deg.
Periodebillett på reisekort skal lesast av på billettlesar
Har du ein periodebillett på reisekortet, les du av kortet på billettlesaren på bussen eller hurtigbåten når du går om bord. Skal du bruke verdidelen, gir du beskjed til sjåføren kor du skal reise, og les av kortet på billettlesaren når sjåføren gir klarsignal.
Ikkje mogleg å ha same billett både på mobiltelefon og reisekort
Det er ikkje mogleg å ha same billett på mobiltelefon og på eit reisekort samtidig. Det er heller ikkje mogleg å overføre billett frå mobiltelefon til reisekort – eller omvendt. Dette fordi reisekort og mobilapp brukar ulike tekniske system.
På trafikkterminalane
Du kan kjøpe alle typar billett på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund og på Moa.
Salskontora på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund er opne måndag-fredag kl. 08.00-16.00. På Moa er opningstida måndag-fredag 09.00-16.00.
I nettbutikken
I nettbutikken kan du kjøpe periodebillettar til bussen.
No er det også mogleg å kjøpe FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen i nettbutikken. Du kan også kjøpe billett for andre.
For å kunne handle i nettbutikken må du ha ein brukar der og eit reisekort. Her finn du nettbutikken.
Om bord på buss eller hurtigbåt
Du kan kjøpe billett om bord på buss eller hurtigbåt. Då kan du betale med verdidelen av eit reisekort, med bankkort, og med kontantar.
Merk at viss du vel å betale med bankkort eller kontantar, blir det lagt til eit ombordtillegg. Ombordtillegget på 20 kroner for vaksne, 10 kroner for studentar og personar i førstegongsteneste, og 0 kroner for barn og honnør.
Billettkontroll
Som reisande er du ansvarleg for å ha gyldig billett, og for å ha med deg relevant dokumentasjon til rabatterte billettar. Om du ikkje har korrekt billett og dokumentasjon i ein billettkontroll, må du i tillegg til å betale for billetten betale eit gebyr på 1150 kroner, eller 950 kroner om du betalar på staden, for vaksen/honnør/student. For barn/ungdom over 15 år, blir gebyret 950 kroner uansett korleis du betalar. Falsk eller forfalska billett får eit gebyr på 2000 kroner, og billetten blir inndratt (uavhengig av kategori).