Informasjon til prioriterte grupper på sambandet 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona
Frå 1. juli får faste arbeidspendlarar og innbyggarane som bur på øyane Ona, Sandøy og Orta prioritering på ferjesambandet.
Merk! Prioriterte reisande utan køyretøy, treng ikkje bevis på at dei er fastbuande eller arbeidspendlar. Mannskaper har stort sett kjennskap til dei lokale reisande, likevel ber vi deg om å gjere deg til kjenne i god tid før ombordstiging.
Vilkår for prioritering
40 prosent av kapasiteten til ferja, tilsvarande åtte personbilar, vil blir heldt av til prioriterte køyretøy. Vi trur det kan bli auka trafikkmengde på sambandet. Vi ber også reisande med prioritet om å vurdere samkøyring eller å reise utan bil.
- Oppmøtefrist: 15 minutt før avgangstid.
- Kortet er personleg. Misbruk kan føre til inndraging av kortet.
Avhengig av kvar du reiser frå – kan du gjere eitt av to:
- Reiser frå Ona eller Småge: Møt opp til ferjeavgangen og gjer deg til kjenne for mannskapet.
- Reiser frå Orta, Finnøy eller Sandøya: Ring eller meld frå til mannskapet på ferja seinast kl. 20.00 kvelden før avgang for plassbestilling.
Vilkår for prioritering kan bli endra etter varsling på frammr.no. Det kan bli aktuelt å innføre løysing med plassbestilling på nett.
Informasjon om innbyggjarpasset
Vi har fått tilsendt liste over fastbuande med køyretøy frå velforeningane på øyane. Innbyggjarpass vil bli utstedt og utlevert på ferja innan kort tid. Om du er arbeidspendlar eller fastbuande og ikkje har komme med på lista, kan du søkje om prioritert gjennom kontaktskjemaet på frammr.no.