Hjelp til nettbutikken
Her får du hjelp til å enkelt komme i gang med å bruke nettbutikken.
Det er også laga informasjon og svar på ofte stilte spørsmål om nettbutikken.
Opprett ny brukar
Tekst til hjelpevideoen: Opprett ny brukar
- Slik opprettar du ein ny brukar.
- Ha klart reisekortnummer. Reisekortnummeret står på baksida av reisekortet.
- Har du ikkje reisekort, kan du bestille på: frammr.no/bestille-reisekort
- På FRAM nettbutikk si førsteside skal du trykke på knappen «E-post og passord».
- Du kjem då til nettbutikkens innloggingsside. Trykk på knappen «Opprett ny bruker» nedst på sida.
- I dialogboksen «Opprett en FRAM-bruker med e-post og passord» skriv du inn e-postadressa di, eit sjølvvalt passord, og passordet ditt ein gong til. Trykk deretter på knappen «Opprett profil».
- Du skal no ha fått ein e-post med ein link for å bekrefte e-postadressa di. Sjekk søppelpost om du ikkje har motteke e-posten.
- I dialogboksen «Bekreft eposten din» trykker du på knappen «Eposten min er bekreftet».
- I dialogboksen «Profilopplysninger» skriv du inn fornamnet, etternamn, og det er valfritt om du skriv inn mobilnummeret ditt. Trykk deretter på «Neste».
- I dialogboksen «Samtykker» kan du huke av for samtykke til å kontakte deg via e-post. Samtykka er valfrie, men vi anbefaler å huke av desse.
- Trykk deretter «Neste».
- På sida «Legg til reisekort» skriv du inn ditt reisekortnummer (9 siffer), deretter trykker du på knappen «Legg til reisekort».
- Om du ikkje har reisekort kan du trykke på knappen «Hopp over».
- Du har no oppretta ein brukar, og skal sjå sida «Min profil» som er førstesida i nettbutikken når du har logga deg inn.
Kjøp billett
Tekst til hjelpevideoen: Kjøp billett
- Slik kjøper du billett.
- Logg deg inn i FRAM nettbutikk og trykk på «Kjøp billett».
- Du kan velje mellom 3 billettgrupper, men videoen viser eit kjøp av ein periodebillett for ei strekning i 30 dagar.
- Trykk på periodebilletten du vil kjøpe. I videoen veljast «Periodebillett for en strekning (soner)».
- Vel om billetten skal vare i 30 dagar eller 7 dagar.
- Vel riktig passasjerkategori: Student, vaksen, barn eller honnør.
- Vel kva haldeplass du skal gå på bussen, og kva haldeplass du skal gå av. Billetten er gyldig i heile sona eller sonene reisa er innom.
- Du får no sjå prisen for billetten din oppe til høgre. Trykk på «Gå til oppsummering» for oppsummering og betaling av billetten.
- Vel betalingsmetode: Vipps, Visa eller MasterCard.
- Om du vel betaling med kort kan du huke av «Lagre bankkort» for å sleppe å legge inn betalingsinformasjonen neste gong du kjøper billett.
- Trykk på «Gå til betaling».
- Skriv inn betalingsinformasjonen din og trykk «Betal» om du betaler med bankkort. Om du vel Vipps gjennomfører du kjøpet i appen.
- Du har no kjøpt billett, og du kjem attende til «Min profil» i nettbutikken.
- Du kan sjå dine kjøpte billetter under «Mine billetter».
- Du kan også gjenta ditt siste kjøp ved neste periode.
- Ta med deg reisekortet når du er ute og reiser. God tur!
Kjøp billett for andre
Tekst til hjelpevideoen: Kjøp billett for andre
- Slik kjøper du billett for andre.
- Ha klart reisekortnummeret til den du skal kjøpe til. Reisekortnummeret står på baksida av reisekortet.
- Om du manglar reisekort, kan du bestille på: frammr.no/bestille-reisekort
- Logg deg inn i FRAM nettbutikk og trykk på «Kjøp for andre».
- Trykk deretter «Legg til person».
- Du må skrive eit namn til personen du skal kjøpe for, til dømes eit fornamn eller kallenamn. Trykk «Lagre person».
- Trykk på «Vis» nedst til høgre for å vise profilen til personen du har lagt til.
- Trykk deretter på «Legg til reisekort».
- Skriv inn reisekortnummer (9 siffer), og trykk «Lagre».
- Du kan no kjøpe billett for denne personen.
- Les teksten til hjelpevideoen «Kjøp billett» for hjelp til å gjennomføre eit billettkjøp.
- Hugs reisekort på reise. God tur!