FRAM Ung
FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom og unge vaksne til og med 24 år, dvs. fram til den dagen du fyller 25 år. Unge kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med bussane, hurtigbåtane og ferjene i Møre og Romsdal.
FRAM Ung kostar 450 kroner, og gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen du vel at billetten skal bli aktivert.
Du kan også bruke FRAM Ung på nattbussane.
Bruk FRAM-appen eller reisekortet
FRAM Ung kan du kjøpe med FRAM-appen, og alltid ha billetten med deg på mobiltelefonen. Du kan òg kjøpe billetten i nettbutikken, på trafikkterminalane eller bussen/hurtigbåten, om du vil ha billetten på reisekortet ditt. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen og informasjon om reisekortet.
Merk! Perioden denne billetten er gyldig startar ikkje ved første avlesing på ein billettlesar, slik det er med ordinære periodebillettar (sone/område). Men 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen du vel at billetten skal bli aktivert.
Merk! FRAM Ung er ikkje gyldig på kollektivtilbod i Møre og Romsdal som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet. FRAM Ung gjeld ikkje på flybussen i Ålesund.
Merk! Om du skal reise ut av eller inn til Møre og Romsdal, treng du å kjøpe ein ekstra billett av sjåføren som dekker strekninga ut av eller inn til fylket. Her kan du finne informasjon om FRAM Ekspress-linjene. I Halsa, kan du bruke FRAM Ung når du reiser med FRAM Ekspress i sonene 870 Betna og 871 Halsa.
Merk! På Kystekspressen gjeld FRAM Ung mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen. På denne båten er det ikkje mogleg å lese av FRAM Ung på ein billettlesar. Planlegg du å reise med denne båten, må du ta vare på kjøpskvitteringa med startdato. Vis fram kvitteringa saman med FRAM Ung-billetten om bord.