Flybuss
Informasjon om det offentlege kollektivtilbodet til og frå flyplassane i Møre og Romsdal. FRAM har ikkje eit eiget flybusstilbod.
Ålesund
I Ålesund er det eit kommersielt flybusstilbod. FRAM sine bussar stoppar ved hovudvegen eit lite stykke frå terminalen på Ålesund lufthavn.
Reiseplanleggaren på denne nettsida og i FRAM-appen viser både FRAM sine avgangar og avgangane til dei kommersielle aktørane.
Her kan du søke i reiseplanleggaren etter avgangstidene.
Kristiansund
I Kristiansund kan du ta rute 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og rute 802 Dale-Kristiansund lufthavn til og frå Kristiansund lufthavn.
For deg som kjem med bussen frå andre stader enn Kristiansund eller skal til andre stader enn Kristiansund med buss, har vi eit samarbeid med taxiene for transporten mellom Kristiansund lufthavn og FRAM-rutene under:
- 100/101 FRAM Ekspress Kristiansund-Molde-Ålesund-Volda
- 901 FRAM Ekspress Kristiansund-Oppdal og 905 Trondheim-Kristiansund-Molde
- 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen
Be sjåføren om å bestille overgangen til taxi.
På veg til Kristiansund lufthavn, kan du gå av bussen ved Seivika-krysset og deretter bruke taxi til flyplassen.
På veg frå Kristiansund lufthavn, kan du bruke taxi og stanse turen ved Futura for overgang til rutene 100/101, 901, 905 og 821.
Du betaler 41 kroner for taxituren (vaksen).
Her kan du søke i reiseplanleggaren etter avgangstidene.
Molde
Nokre bussar køyrer ned til terminalen ved Molde lufthavn og stoppar utanfor 1. etasje. I tillegg køyrer vi på hovudvegen ovanfor flyplassen. Hovudvegen ligg berre 450 meter frå terminalen.
Her finn du eit kart over gangveg mellom Molde lufthavn og hovudvegen.
For ei reise mellom Molde lufthavn og sentrum kostar billetten 41 kroner for vaksen (61 kroner om bord) og 21 kroner for barn/honnør.