Skriftstørrelse
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
English

Bruksvilkår for FRAM-appen

Før du kan begynne å bruke FRAM-appen til å søke etter reise, kjøpe billett og sjekke avgangane i sanntid, treng du å godta bruksvilkåra. Informasjonen ligg tilgjengeleg i appen og her på denne sida.

Produktinformasjon

Produkta som blir selt gjennom FRAM-appen er elektroniske billettar. Enkeltbillettar og periodebillettar. Ruteinformasjonen og billettane som er tilgjengelege i appen, gjeld for strekningane Møre og Romsdal fylkeskommune handterer i fylket gjennom kollektivtilbodet FRAM. Ruteinformasjonen gjeld for all den rutegåande kollektivtrafikken med bussane, hurtigbåtane og ferjene i fylket. Billetten gjeld for bussane og hurtigbåtane, og ferje om eitt eller fleire ferjesamband er inkludert i reisestrekninga til bussen.

Merk! Rabatten/maksprisen for FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund er ikkje tilgjengeleg i appen enno. For å få rabatten/maksprisen, kan du kjøpe billetten av sjåføren om bord på bussen.

Merk! Mobiltelefonen billetten er kjøpt på skal vere med gjennom heile reisa. Du kan berre kjøpe billett til din eigen telefon, det er ikkje mogleg å flytte over billetten eller å kjøpe billett på vegne av andre med appen.

Merk! Å ta imot ei tekstmelding med aktiveringskode og eventuelt anna tenestemelding som blir sendt som tekstmelding, fungerer med norske og andre skandinaviske mobilnummer.

Merk! Ved å bruke "søk reise" kjøper du ikkje billett til den bestemte avgangen, men billett til bestemt strekning og billettkategori. Billetten blir derfor ikkje rekna som ein reservasjon på avgangen eller garanti for reise på avgangen.

Merk! Ikkje aktiver billetten ved å velje "bruk no" med mindre du skal reise med éin gong.

Merk! Billettane gjeld ikkje for andre kommersielle kollektivtilbod, som flybussane i Ålesund og Molde eller bussane til Bergen, Oslo, og Stryn-Trondheim.

Ansvar og leveranse

Som reisande er du ansvarleg for at mobiltelefonen fungerer normalt og er leseleg ved ein eventuell billettkontroll, og at du har tilstrekkeleg med batteritid for heile reisa. Det blir rekna som å reise utan gyldig billett, om du ikkje kan vise fram billetten ved kontroll. Ver vennleg å sjå befordringsvedtektene.

Reisande som ikkje kan vise gyldig billett ved kontroll, skal i tillegg til billetten betale eit gebyr på 1150 kroner, eller 950 kroner om du betalar på staden, for vaksen/honnør/student. For barn/ungdom over 15 år, blir gebyret 950 kroner uansett oppgjersform. Falsk eller forfalska billett får eit gebyr på 2000 kroner, og billetten blir inndratt (uavhengig av kategori).

Billetten/billettane blir sendt/levert direkte etter at betalinga er gjennomført, distribueringa krev at denne appen er kopla til internett (wi-fi eller mobildata). Som reisande er du ansvarleg for at det er tilstrekkeleg dekning. Ver merksam på at det kan vere forseinkingar i leveransen grunna dårleg dekning. Leveringa av billetten/billettane blir rekna som gjennomført når produktet er aktivert.

Merk! Det er mogleg å bruke billettane i FRAM-appen utan internett (wifi eller mobildata), men først må appen ha blitt opna med nettilgang tidlegare på dagen for å laste ned billettar som er gyldige, animasjon for billetten og anna produktinformasjon som er oppdatert. La vere å lukke/avslutte appen heilt, for å vere på den sikre sida, mellom bruk resten av dagen.

Prisar

Alle prisane blir gitt i norske kroner (NOK) og inkl. meirverdiavgift. Den totale prisen for billetten/billettane vil bli vist i appen før kjøpet er gjennomført.

Prisane er bestemt etter takstregulativet som gjeld. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er takstmyndigheita, og ved nytt takstregulativ kan prisane bli endra.

Betaling

I FRAM-appen bruker du debetkort, kredittkort og Vipps som betalingsmedel. Når du skal legge til eit bankkort første gongen, legge til eit nytt bankkort eller betale for billetten med bankkort, blir du bedd om å verifisere med BankID. Eit nytt krav for å auke sikkerheita til bruken av bankkortet.

Ved kjøp av billett blir betalinga behandla av PayEx, som har ei sikker, elektronisk betalingsløysing for VISA og MasterCard/Eurocard. All kortinformasjonen blir oppbevart etter regelverket til kortselskapa. I banksystemet vil det ikkje bli lagra reiseinformasjon saman med den elektroniske billetten.

For å bruke Vipps som betalingsmedel må Vipps-appen vere installert på telefonen. Du treng BankID, eit norsk betalingskort og konto i ein norsk bank for å kunne installere og bruke Vipps. Det er også krav om norsk fødselsnummer eller d-nummer, norsk mobilnummer, e-post og folkeregistrert adresse.

Når du vel å betale med Vipps, «hoppar» du ut av FRAM-appen og over i Vipps. Der bekreftar du betalinga. Når betalinga er utført, kjem du automatisk tilbake til FRAM-appen, og billetten din er betalt.

Merk! For tida opplever vi at nokre reisande har problem med betalinga i FRAM-appen etter at vi gjekk over til sterkare kundeautentisering (SCA) for å følge EU sitt reviderte betalingsdirektiv (PSD2). Handhevinga kortutgivarane har av det nye regelverket er hovudårsaka til problemet, og at kjøpa under 500 kroner fortsatt følger tidligare retningslinjer for fysisk bruk av kontaktlaus betaling. Det blir arbeida med å løyse problemet.

Aktivering av billetten

Når du kjøper billett i FRAM-appen kan du velje å aktivere billetten med éin gong du kjøper han for å bruke billetten med éin gong, eller å aktivere han seinare om du er tidleg ute med å kjøpe billetten og skal bruke billetten seinare. I innstillingane kan du endre kva som kjem opp som standard.

Merk! Billetten aktiverer du når du går om bord. Etter at du trykker på aktivér, er billetten gyldig og tida billetten er gyldig vil begynne å telle ned.

Det er ikkje mogleg å førehandskjøpe billett tidlegare enn 48 timar før planlagd reise. Dette er altså fristen du har til å starte reisa etter at du har førehandskjøpt billett.

Nedteljinga for desse 48 timane står på billetten etter kjøp, før han er aktivert. Etter at fristen for aktivering er gått ut, vil det ikkje vere mogleg å bruke billetten.

Viss du oppdagar at du har førehandskjøpt billett for tidleg og ikkje rekk å bruke han innan 48 timar, skal du ikkje aktivere billetten! Viss du lar vere å aktivere billetten, slepp du å betale for han og kan kjøpe ein ny billett som vil vere gyldig for reisa.

Sletting av reservert kjøpsbeløp skjer automatisk etter at fristen for aktivering er gått ut, viss billetten ikkje blir aktivert. Det kan ta nokre verkedagar før reservasjonen av beløpet blir frigitt på kontoen din. Det eksakte tal dagar er avhengig av kortleverandør, men det kan ofte ta så mykje som ei veke.

Som reisande skal du alltid lese av QR-koden til billetten på lesaren om bord. I køyretøya/fartøya det ikkje er mogleg, skal du vise billetten til sjåføren/mannskapa.

Legitimasjon og dokumentasjon

Som reisande må du kunne vise fram legitimasjon til sjåføren/mannskapa/kontrolløren ved tvil om alderen din. Ved bruk av ein billett som gir rett til ein rabatt, skal du vise fram relevant dokumentasjon saman med billetten, for eksempel FRAM Ung, studentbillett og honnørbillett.

Kvittering

For deg som treng kvittering for billetten du kjøper, kan du velje å fylle ut e-posten din i innstillingane i appen og huke av/trykke for å sende kvitteringa på e-post. Du kan gjere dette både når du kjøper billetten og ved å gå inn i oversikten for billettane dine.

Påminning

I innstillingane til appen kan du velje å huke av for om du vil ha ein påminning om at enkeltbilletten eller periodebilletten går ut.

Angrerett

Det er ingen angrerett for enkeltbillettane og periodebillettane som er kjøpt og aktivert gjennom appen. Billettane som er lasta ned til appen og aktiverte, blir rekna som teken i bruk. Har du valt å ikkje aktivere billetten, vil reservasjonen på betalinga falle bort etter 48 timar.

Personvern

Denne tenesta er laga for å gjere planlegginga av kollektivreisa og billettkjøpet mobilt for kundane. Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM via databehandlarane, lagrar telefonnummeret ditt i appen til å identifisere deg med profilen. Om Møre og Romsdal fylkeskommune v/FRAM vil bruke den registrerte informasjonen til andre føremål, for eksempel å sende deg reklame eller informasjon ut over det som er nødvendig for å gjennomføre avtalen, vil fylkeskommunen hente inn samtykke frå deg ved inngåing av avtalen.

Appen bruker Crashlytics for å samle inn informasjon om feilsituasjonar og bruksmønster, for enklare å kunne identifisere og rette opp feil og manglar. Informasjonen som blir samla inn under feilsituasjonar inkluderer statusen på eininga, unike identifikatorar på eininga, maskinvara på eininga og operativsystemet, informasjon relatert til korleis applikasjonen fungerer og plasseringa av eininga på det tidspunktet feilsituasjonen skjedde. For bruksmønster blir det samla inn informasjon om når og kor lenge appen er i bruk.

All den informasjonen som blir samla inn er gjort anonym og kan ikkje bli brukt for å identifisere brukaren, men blir delt med tredjepart som leverer tenester i appen, for eksempel Crashlytics. Databehandlarane av denne tenesta er FARA og Datagrafikk.

Atterhald

Vi tek atterhald om at skrivefeil/feil vising kan skje, noko som kan innebere at for eksempel funksjonane, tenestene, ruteinformasjon og produkta ikkje kan bli levert i samsvar med informasjonen i appen, i marknadsføringa eller på anna måte.

Ved større feil med appen, vil informasjon om det bli lagt ut på nettsida til FRAM.

Reklamasjon

Dersom det er ein mangel ved funksjonane, tenestene og produkta i appen, må du innan rimeleg tid etter at du oppdaga den, sende skriftleg melding gjennom kontaktskjemaet til FRAM Kundesenter og vise til mangelen. Du vil få informasjon om kva du skal gjere vidare. Reglene om reklamasjon finn du i loven om forbrukarkjøp (forbrukarkjøpsloven).

Kontaktinformasjon

Kontakt FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet, på telefon 71 28 01 00, eller send post til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.