Billettoversikt
Reiser du med buss eller hurtigbåt er det fleire typar billettar du kan velje mellom.
FRAM sine billettar gjeld på det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Dei gjeld ikkje på flybussen i Ålesund, andre kommersielle busslinjer eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege tilbodet. Periodebillettar og rabattar gjeld òg for nattbussane til FRAM.
Enkeltbillett
Enkeltbillett gjeld for når du skal reise ein gong, på ei bestemt strekning.
- Om du reiser i ei sone, kan du reise tur/retur på same billett.
- Om du reiser frå ei sone til ei anna sone, kan du ikkje reise tur/retur på same billett. Då er billetten berre gyldig på den reisestrekninga du har valt, éin veg.
Om gyldigheitstida går ut på grunn av forseinking i korrespondansar, vil sjåføren manuelt godkjenne billetten (basert på reisestrekning og tidspunkt).
Oversikt over dei ulike sonene finn du i kartet i reiseplanleggaren.
Billetten gjeld ikkje for retur på ei reise som er lengre enn ei sone, sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut. Du kan finne meir informasjon om overgang lenger ned.
Periodebillett sone (30 dagar, 7 dagar eller 24 timar)
Periodebillett sone er ein strekningsbasert periodebillett som er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i den perioden billetten er kjøpt for, for dei sonene billetten gjeld for. Du kan få ein sonebasert periodebillett for 30 dagar, 7 dagar eller 24 timar, og billetten er tilgjengeleg for vaksen, barn og honnør.
Når du kjøper ein sonebasert periodebillett, vel du den haldeplassen/kaia du vil reise frå og den haldeplassen/kaia du vil reise til, og så vil systemet rekne ut billettprisen for deg. Billetten er gyldig for reiser mellom sona som frå-haldeplassen/kaia ligg i og sona som til-haldeplassen/kaia ligg i. Du kan reise til/frå andre haldeplassar enn dei du har valt, så lenge dei er innanfor dei sonene du har kjøpt billett for.
På kartet i reiseplanleggaren kan du huke av i boksen nede på kartet når du gjer eit søk for å vise sonene for strekninga.
Periodebillett område (30 dagar)
Nokre stader i fylket finns det ein periodebillett for eit definert geografisk område. Denne typen periodebillett er berre tilgjengeleg for 30 dagar for vaksne og barn.
Områdebillett finns for desse områda:
- Periodebillett Ålesund, Giske, Sula*
- Periodebillett Kristiansund/Frei
- Periodebillett Hjelset/Kleive
- Periodebillett Elnesvågen-Molde
- Periodebillett Ørsta/Volda
- Periodebillett Sykkylven
* I Ålesund er billetten gyldig frå Hessa og Skarbøvik i vest, til Magerholm og Glomset i aust, til Fremmerholen og Brusdalen, og til Taftesund på Ellingsøya.
Frå 1. januar 2023 blei områdebillettane som hadde same pris som strekningsbaserte periodebillettar fjerna. Dette gjeld Kristiansund, Molde og Ulsteinvik sentrum.
Kombinert periodebillett for hurtigbåt og buss
Periodebillettar som kombinerte hurtigbåt og buss blei erstatta av FRAM Vaksen Båt+Buss frå 1. januar 2023.
Kombinert enkeltbillett for buss og hurtigbåt blei ikkje endra.
FRAM Ung og FRAM student
- FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom og unge vaksne til og med 24 år, dvs. fram til den dagen du fyller 25 år.
- FRAM Student er ein periodebillett for studentar til og med 29 år, dvs. fram til den dagen du fyller 30 år.
Du kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med offentleg buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal. Billetten gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen frå billetten blir aktivert.
Du kan og bruke FRAM Ung på nattbussane.
- Perioden denne billetten er gyldig startar ikkje ved første avlesing på ein billettlesar, slik det er med ordinære periodebillettar (sone/område). Men 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen frå datoen du aktiverer billetten.
- FRAM Ung/Stundet er ikkje gyldig på kollektivtilbod i Møre og Romsdal som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet. FRAM Ung/Student gjeld ikkje på flybussen i Ålesund.
- Om du skal reise ut av eller inn til Møre og Romsdal, treng du å kjøpe ein ekstra billett av sjåføren som dekker strekninga ut av eller inn til fylket. Her finn du informasjon om FRAM Ekspress-linjene. I Halsa, kan du bruke FRAM Ung når du reiser med FRAM Ekspress i sonene 870 Betna og 871 Halsa.
- På Kystekspressen gjeld FRAM Ung mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen. På denne hurtigbåten er det ikkje mogleg å lese av FRAM Ung på ein billettlesar. Planlegg du å reise med denne hurtigbåten, må du ta vare på kjøpskvitteringa med startdato. Vis fram kvitteringa saman med FRAM Ung-billetten om bord. FRAM Student gjeld ikkje på Kystekspressen.
FRAM Vaksen
Periodebilletane FRAM Vaksen blei tilgjengelege frå 1. januar 2023.
Det er to typar av FRAM Vaksen:
- FRAM Vaksen Buss er ein periodebillett for personar over 18 år. Vaksne kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med offentleg buss i Møre og Romsdal. Billetten gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen du vel at billetten skal bli aktivert.
- FRAM Vaksen Båt+Buss er ein periodebillett for personar over 18 år. Vaksne kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med offentleg buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal. Billetten gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen du vel at billetten skal bli aktivert.
Du kan også bruke FRAM Vaksen-billettane på nattbussane.
- Perioden desse billettane er gyldige startar ikkje ved første avlesing på ein billettlesar, slik det er med ordinære periodebillettar (sone/område). Men 30 dagar frå datoen billettane er kjøpt eller datoen du vel at billettane skal bli aktiverte.
- FRAM Vaksen er ikkje gyldig på kollektivtilbod i Møre og Romsdal som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet. FRAM Vaksen gjeld ikkje på flybussen i Ålesund.
- Om du skal reise ut av eller inn til Møre og Romsdal, treng du å kjøpe ein ekstra billett av sjåføren som dekker strekninga ut av eller inn til fylket. Her kan du finne informasjon om FRAM Ekspress-linjene. I Halsa, kan du bruke FRAM Vaksen når du reiser med FRAM Ekspress i sonene 870 Betna og 871 Halsa.
- FRAM Vaksen gjeld ikkje på Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim.
Nattbussane
Enkeltbillett for avgangane til 21 Nattbuss Ålesund, nattavgangane til 701 Årølia-Molde-Djupdalen, 702 Hatlelia-Bergmo-Nordbyen og 532 Elnesvågen-Molde kostar det same som prisen for billetten på dagen.
Du kan og nytte periodebilletten på nattbussen.
Barnevogn, rullestol, sykkel, bagasje og dyr
- Du treng ikkje kjøpe separat billett for barnevogn og rullestol. Du kan og ta med handbagasje og inntil to kolli i tillegg (maks. 30 kg).
- Frå 1. januar 2023 blei det innført betaling for å ta med sykkel på bussen. Prisen tilsvarer ein barnebillett for 6-17 år.
- For hund betalar du billett som for barn 6-17 år. Tenesthund i aktiv teneste kan reise utan billett.
- Det er visse vilkår som gjeld for utstyr etc. om bord. Her finn du meir informasjon om kva som gjeld for å ta med barnevogn, rullestol, sykkel, dyr, etc. om bord.
Firmakonto med reisekort
Eit firma (inkludert offentlege institusjonar, barnehagar, skolar, etc.) kan opprette ein firmakonto og knytte eit eller fleire reisekort til denne kontoen.
Tilsette i selskapet kan bruke korte når dei reiser, og treng ikkje betale for kvar reise individuelt. Kostnaden for reisa blir belasta firmakontoen, og firmaet blir fakturert kvar annan månad.
Eit reisekort knytt til ein firmakonto kan brukast på alle offentlege bussar og hurtigbåtar i Møre og Romsdal. Det er ikkje mogleg å bruke firmakort på hurtigbåten mellom Kristiansund og Trondheim (Kystekspressen).
Eit reisekort med firmakonto kan bli delt mellom fleire innan same eining/selskap.
Dersom du har spørsmål eller ønsker å etablere ein firmakonto, kan du ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM kundesenter. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter.
Firmakonto med reisekort gjeld til 1. november. Her finn du informasjon om at bedriftene kan bruke firmakonto med reisekort fram til 1. november.
Gjennomgåande billett og overgang
Gjennomgåande billett
Når du reiser kollektivt i Møre og Romsdal, skal du så langt det er mogleg få kjøpe ein samla billett for heile reisa, sjølv om du eventuelt skal bytte transportmiddel undervegs. Dette betyr at du betaler for heile reisa på førehand eller på første transportmiddel. Dette heiter ein gjennomgåande billett.
Overgang
Å bytte frå ein buss til ein annan eller frå buss til hurtigbåt eller omvendt, blir rekna som ein overgang. Når du har ein gjennomgåande billett, har du «fri» overgang, dvs. at du ikkje må kjøpe billett på kvart transportmiddel.
Når du har ein gjennomgåande billett, kan du òg bruke denne billetten til å reise vidare i den siste sona som står på billetten, så lenge tida på billetten ikkje har gått ut (normalt innan 60 minutt etter framkomsttida).
Eksempel: Har du kjøpt ein billett frå Ålesund til Molde, kan du reise vidare med bybussane i Molde på same billett.
Billetten gjeld ikkje for retur på ei reise som er lengre enn ei sone, sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut.
Overgang med periodebillett
Har du periodebillett for eit området, gjeld billetten for overgang på alle ruter og soner i dette området. Ved overgang mellom bussar eller mellom buss og hurtigbåt skal du lese av reisekortet eller billetten i FRAM-appen på billettlesaren på bussen/hurtigbåten.
Eigne reglar for Kystekspressen
Reglene til FRAM for overgang gjeld ikkje om bord på Kystekspressen, som høyrer til kollektivtilbodet til AtB i Trøndelag. Her kan du finne nettstaden til AtB.
Travel like the locals
Når du reiser med offentleg transport, får du ei heilt unik oppleving av området du besøker. Frå bussen, hurtigbåten eller ferja kan du nyte utsikta mot det varierte og svært vakre landskapet i Møre og Romsdal – i fred og ro.
Travel like the locals – eller reis som dei lokale – er turistopplevingar med offentleg transport. Dette er eit tilbod som er flott for deg som besøker Møre og Romsdal og ikkje er så kjend med å reise kollektivt i fylket. Det er også ein fin moglegheit for lokale som ønsker å oppleve området vårt på avslappande vis på ei «ferdigsydd» reise med offentleg transport.
Vi har satt saman turar frå knutepunkt i fylket til dei mest populære reisemåla i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. I Møre og Romsdal har vi meir enn 50 ulike turar du kan velje mellom.
Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs. Du får og ei turbeskriving med informasjon om turen, turmålet og praktisk informasjon om reisa.
Billetten du får, gjeld for ein spesifikk dag, og du må følgje dei reisetidene som er oppgitt.
For mange av turane våre kan du laste ned ein Voice of Norway-guide. Voice of Norway brukar GPS-teknologien i mobiltelefonen for å gi deg stadbasert informasjon på turen. Informasjonen blir gitt i form av opplesing, bilde, tekst og lenker.
Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i Møre og Romsdal og Vestland.