Bagasje, utstyr, dyr og pakker
Informasjon om barnevogn, rullestol eller sykkel og anna frakt på buss og hurtigbåt.
Barnevogn
Du kan ta med barnevogn utan å kjøpe eigen billett til vogna. Ver oppmerksam på at det kan vere for fullt om bord for vogna. Sjåføren avgjer dette.
Rullestol
Du treng ikkje kjøpe eigen billett til rullestol. Passasjerbilletten gjeld òg for rullestolen.
FRAM-bussane er utforma etter krav om universell utforming. På grunn av sikkerheit er det visse grenser for størrelsen og vekta for rullestol om bord på buss. Tillaten størrelse og vekt samsvarer med dei elektriske rullestolane som er mest brukt i dag.
Ver merksam på at du er ansvarleg for å halde deg innafor grensene, og ver merksam på at rullestolen ikkje kan bli med bussen om måla er større.
Dette er grensene:
- Lengda på rullestolen kan ikkje vere over 120 cm, bredda ikkje over 70 cm, og høgda ikkje over 109 cm. Måla er utan personen
- Den totale vekta, inklusive personen, skal ikkje overstige 250 kg
- Elektriske rullestolar kan ha ein maksimal fart på 10 km/t
Sykkel
Frå 1. januar 2023 gjeld:
- Sykkel kan takast med mot betaling som for barn 6-17 år på buss. På hurtigbåt kan sykkel takast med gratis.
- Unntak: Det er gratis å reise med samanslåtte syklar og små sparkesyklar som enkelt kan tas under armen.
- Det er sjåføren eller mannskapet som avgjer om det er plass. Syklar og liknande kan ikkje prioriterast dersom det er fullt.
Reisegods
Inkludert i billetten kan du i tillegg til handbagasje ha med inntil to kolli på totalt maksimum 30 kg. Større gods som sykkel, spark og liknande kan takast med i den grad det er plass.
Vi ber dei som reiser med bussane om å ta omsyn til andre reisande, og følgje reglane som gjeld for bagasje.
Her er dei viktigaste reglane:
Håndbagasje
Reisende kan fritt ta med lett håndterlige gjenstander (håndbagasje) med samlet vekt inntil 20 kg for hver billett. Bagasjen må ikkje sjenere dei andre reisande eller hindre på- og avstigning.
Anna reisegods
Mot fraktgodtgjersle kan det takast med tyngre eller større gjenstandar eller bagasje i den utstrekning plassen tillèt det og vognbetjeninga finn det forsvarleg. Slike gjenstander skal takast med etter anvisning av vognbetjeninga.
Hund
Hund kan reise om bord på alle bussane.
For hund betaler du takst som for barn 6-17 år. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett.
Vilkår for reise med hund på FRAM Ekspress-linjene:
- Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen
- Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang
- Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang
- Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden
- Ved siste avgang for dagen, kan vi ikkje avvise reisande med hund
Hund på hurtigbåt
På hurtigbåtane skal hund bli frakta i eiget bur/kasse når dei skal vere i salongen om bord på hurtigbåten. Om hunden ikkje er i eigen bur/kasse, skal han vere på eiget angitt område utanfor salongen, anvist av mannskapet.
Reglane skal sikre at hunden ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og liknande i salongen av omsyn til allergikarar og andre reisande. Reglane gjeld ikkje for førarhunden saman med ein blind/svaksynt, nyttehund og politihund.
Sending av pakke med buss eller hurtigbåt
Du kan sende ei pakke med FRAM sine bussar og hurtigbåtar. Prisen for å sende pakka er basert på sonetakstane og vekt. Du kan bruke førehandskjøpte fraktmerke eller betale for sending hos sjåføren/mannskapet. Du kan og betale med bankkort på trafikkterminalane i Kristiansund og Molde og på Moa.
Då får du to kvitteringar – ei som skal vere med pakka og ei som du får med deg. På trafikkterminalane i Kristiansund og Molde kan bedrifter og ha med/få fraktbrev som blir kontrollert og stempla og som så blir etterfakturert.
Avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad eller kai for å ta imot pakka når bussen/hurtigbåten kjem. Uhenta pakker/varer blir returnert til avsendarstaden/ekspedisjonen.
Prisar for å sende pakke
Her finn du prisane for å sende pakke med buss eller hurtigbåt.
Bestille fraktmerke
For å bestille fraktmerke, sender du ein e-post til busspakkar@mrfylke.no med talet fraktmerke du treng. I e-posten må du og gi opp org.nr., firmanamn, firmaadresse, fakturaadresse og leveringsadresse for fraktmerka.