AutoPASS
Her kan du finne informasjon om AutoPASS for ferje.
Hensikta med AutoPASS for ferje er å automatisere betalinga for reisene med ferje.
Merk! Frå 6. april 2020 gjeld billettering ved skiltgjenkjenning. Du skal ikkje betale manuelt til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.
Her kan du finne takstane i AutoPASS-regulativet som gjeld for fylkesvegferjene.
AutoPASS-ferjekort
AutoPASS-ferjekort har vore tilgjengeleg på alle fylkeskommunale ferjesamband sidan januar 2019.
Dette kortet gir rabatt på billettprisen og erstatta tidlegare rabattkort for ferje. Du får 50 prosent rabatt for private køyretøy og 40 prosent rabatt for firma med AutoPASS-ferjekort og avtale.
Du kan finne ytterlegare informasjon, svar på spørsmål, lage ein konto og avtale, bestille ferjekort og registrere brikke, ved å gå inn på nettsida som er laga for AutoPASS for ferje. Her kan du finne AutoPASS for ferje på nett.
AutoPASS-brikke
Skal du reise med ferjene som bruker betaling med brikke, må du òg ha ein gyldig AutoPASS-brikke i bilen. Den treng du bestille frå eit bompengeselskap. Her kan du finne informasjon om utstedere av brikke.
Merk! For å få rabatten på 10% må brikken bli registrert på AutoPASS-kontoen din. Har du ein brikke frå før, registrerar du han på nettsida til AutoPASS for ferje når du har oppretta ein konto.
Elbil
Elbilane får ifølge regulativet for ferjetakstar 50 prosent rabatt av den ordinære taksten. Det vil seie at om vanleg full pris for personbil er 100 kroner, vil den fulle prisen for elbil vere 50 kroner. I tillegg får du ytterlegare 50 prosent rabatt med AutoPASS for ferje-konto (40 prosent for firma).
Merk! Fram til fylkeskommunen eventuelt får innvilga søknaden om endring i rabatt frå Samferdselsdepartementet, vil det framleis vere 50 % rabatt for nullutsleppsbilar på ferjene. Her kan du finne meir informasjon om at Møre og Romsdal fylkeskommune søker om løyve til å redusere rabatten for nullutsleppsbilar på ferjene frå 2023.
FerryPay
Har du ikkje AutoPASS-brikke eller AutoPASS for ferje-konto med forskuddsbetaling, kan du opprette FerryPay til å betale for ferja. Her kan du finne informasjon om FerryPay.