Atlanterhavsruta for syklistar
Nasjonal sykkelrute 1/EuroVelo 1 har fått namnet Atlanterhavsruta. Ruta går langs kysten og over fleire øyar mellom Kristiansund og Ålesund, og gir ein unik nærkontakt med havet og kystlandskapet. Ruta inneheld eit hurtigbåtsamband og fleire ferjesamband.
Her kan du finne eit kart over Atlanterhavsruta for syklistar.
Reise med hurtigbåt og ferje
Frå Ålesund startar den nasjonale sykkelruta med hurtigbåt til Hamnsund i Ålesund kommune. Vidare mot Molde er det fleire ferjestrekningar.
Merk! Det er ikkje tillatt å sykle gjennom Atlanterhavstunnelen ved Kristiansund. Tunnelen er lang, undersjøisk og svært bratt.
Kollektivtilbod gjennom Atlanterhavstunnelen
Det er to alternativ for syklistar som skal gjennom Atlanterhavstunnelen:
I taxi med sykkelstativ
Merk! Inntil tre syklar per taxi.
Ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å bestille i opningstida:
- Måndag-fredag 08.00-16.00
Merk! Du må bestille taxien til eit gitt tidspunkt. Sesongen for frakt av sykkel med taxi er mellom 1. mai og 30. september.
Maksimal ventetid er ein time, men ved stor pågang kan ventetida bli lengre. På Averøy blir syklistar som har bestilt taxi henta på busshaldeplassen ved Atlanterhavstunnelen. I Kristiansund blir syklistar som har bestilt taxi henta på busshaldeplassen i Hagelinvegen.
Merk! Maksimum tillate vekt per sykkel er 20 kg. Maksimum totalvekt for syklane er 45 kg.
Prisane for transport med taxi gjennom tunnelen: vaksen 110 kroner og barn 75 kroner.
På rutebuss
Merk! Inntil to syklar per avgang.
Det er avgrensa moglegheit til å ha med syklar på ein vanleg rutebuss, vi kan derfor ikkje garantere at sykkelen får bli med på avgangen. I reiseplanleggaren på nett og i FRAM-appen kan du søke opp rutetidene for kollektivtilbodet.
Prisane for transport med bussen gjennom tunnelen: vaksen 66 kroner, barn 33 kroner og 21 kroner per sykkel.