Aldersgrenser og rabattar
Informasjon om aldersgrenser og rabattar på buss, hurtigbåt og ferje.
Aldersgrenser
- Barn under 6 år som ikkje reiser aleine, reiser gratis (unnatak barnehage* på tur og skoleskyss)
- Barnebillett: Frå 6 år til og med 17 år
- Vaksenbillett: Frå 18 år til og med 66 år
- Honnørbillett: Honnørbilletten gjeld for personar 67 år og eldre, uføre med uførepensjon etter folketrygdloven, personar med honnørkort frå NAV, og blinde. Denne billetten gjeld òg for ektefelle, registrert partnar og sambuar som reiser i følge med ein person med rett til honnørbillett. Honnørrabatten kan ikkje kombinerast med andre rabattar. Du må kunne vise fram godkjent legitimasjon ved bruk av honnørrabatten.
* Barnehagane kan reise med bussane utan å betale for barna på bussavgangar etter kl. 09.00 og før kl. 13.00. På hurtigbåt gjeld egne reglar. Du kan finne meir informasjon lengre ned, under avsnittet om gruppe.
Reisekort med verdidel
Når du har satt inn pengar på reisekortet ditt og bruker av denne verdidelen til å betale for ein enkeltbillett for vaksen, får du 17 prosent rabatt.
Studentrabatt
- Er du elev/student på heiltid ved ein norsk vidaregåande skole, høgskole, universitet og andre godkjende undervisningsinstitusjonar kan du få studentrabatt.
- For å få studentrabatt, må du ha med gyldig skolebevis/studentbevis (kort eller på mobil) med kvittering for betalt semesteravgift.
- Rabatten gjeld frå og med ti dagar før skole-/semesterstart, til og med ti dagar etter skole-/semesterslutt. Studiebevisa frå studiestaden blir rekna som gyldige ut januar for haustsemesteret, og ut august for vårsemesteret.
- Er du norsk statsborgar med gyldig studiebevis og betalt semesteravgift frå ein utanlandsk studiestad, kan du og få studentrabatt. ANSA-kort er ikkje gyldig dokumentasjon.
- Studentrabatt gjeld i tillegg for deg som er ein utanlandsk statsborgar som studerer i Noreg og som har gyldig legitimasjon, studentbevis og kvittering på betalt semesteravgift.
- Studentrabatt gjeld ikkje personar som tek norskopplæring.
Lærlingar får også studentrabatt. Du finn meir informasjon under.
Studentrabatt på periodebillett
Skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar får 40 prosent rabatt på strekningsbaserte periodebillettar. Det er ingen studentrabatt på periodebillettar for definerte områder (periodebillett område).
Studentrabatt på enkeltbillett
Skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar får 50 prosent rabatt på enkeltbillett for reiser frå og med 12 soner éin veg i heile Møre og Romsdal. Dette gjeld òg for reise til og frå Oppdal og Trondheim. For reiser som er kortare enn 12 soner kan du kjøpe billett for 12 soner, og få rabatten. (Dette kan vere den billigaste løysinga.)
På kollektivlinjer som køyrer mellom Sunnmøre og Vestland, får skoleelevar ved vidaregåande skole og studentar 25 prosent rabatt.
Lærlingar
Lærlingar kan kjøpe billettar med studentrabatt mot framvising av lærlingbevis. Innlogga brukar i VIGO app for fagopplærling, benyttast som gyldig lærlingbevis.
FRAM Ung og FRAM Student
FRAM Ung og FRAM Student er eigne billettprodukt som er svært gunstige for unge som reiser mykje.
Her finn du meir informasjon om FRAM Ung og FRAM Student.
FRAM Vaksen
Frå 1. januar 2023 kan du også som vaksen kjøpe ein periodebillett som er svært gunstig om du reiser mykje.
Her finn du informasjon om FRAM Vaksen.
Følgeperson
Reisande med eit særskilt behov kan reise saman med følgeperson. Følgepersonen treng ikkje eigen billett, men må vise fram eit følgepersonbevis. Dette beviset skal vere skrive ut av kommunen kor personen som treng følgeperson, er busett.
Gruppe
Ei gruppe på fleire enn ti personar som reiser samla på hurtigbåt og kjøper samla billett, får 30 prosent rabatt på enkeltbillettane.
Rabatten for gruppe gjeld berre vaksne og barn, ikkje for eksempel vernepliktige eller reisande med honnørrabatt. Desse reisande kan velje å bli inkludert i gruppa, slik at den blir stor nok til å få rabatt. (Dette kan vere den billigaste løysinga.)
Det er ikkje grupperabatt på bussreiser.
Barnehager- meld inn på førehand
Barnehagane kan reise med bussane mellom klokka 09.00 og 13.00 utan å betale for billetten til barna. Vaksne betalar vanleg billett for bussen. Tilbodet gjeld for bussavgang etter kl. 09.00 og før kl. 13.00, alle kvardagar.
Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane i Molde og Kristiansund. Vi anbefaler barnehagane til å ha med barnesete til barnehagebarna som normalt bruker dette.
Vi ber om at barnehagane som planlegg å reise på tur med bussen i ei større gruppe, melder inn til FRAM Kundesenter på førehand. Seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.
Vi treng å vite tal reisande, kva for linje de vil reise med (linjenummer) og forventa avgangstid. Meld inn til FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet eller på telefon 71 28 01 00.
Her finn du kontaktskjemaet til FRAM Kundesenter.
Barnehagegruppene på fleire enn ti personar får grupperabatt på hurtigbåtane, med 30 prosent rabatt for barn og vaksne i gruppa. Rabatten gjeld berre billettane for vaksne og barn, ikkje for honnør, men som honnør kan du vere inkludert og lage ei gruppe som får rabatt.
Det er ikke mulig å reservere seter om bord på busser, ekspressbåter eller ferger for en gruppe.
Større grupper - meld inn på førehand
For å opprettholde et godt kollektivtilbud for alle som reiser i Møre og Romsdal, ber vi deg om å gi beskjed i god tid, og senest kl 12.00 dagen før reisen, dersom du planlegger å reise med en stor gruppe.
Dette vil gjøre det enklere å planlegge avgangene slik at ingen som ønsker å reise med kollektivtransporten vår blir etterlatt, og må vente på neste ledige avgang.
Vi trenger å vite antall passasjerer, hvilken linje du ønsker å reise med og forventet avgangstid. Gi beskjed til FRAM Kundesenter ved å bruke kontaktskjemaet eller på telefon +47 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet til FRAM Kundesenter.
Det er ikke mulig å reservere seter om bord på busser, ekspressbåter eller ferger for en gruppe.
Familie
På bussreiser laurdag, søndag og heilagdagar (med unntak av 17. mai), kan du som er i kategoriane vaksen, honnør eller student ha med inntil fire barn under 18 år gratis så lenge reisestrekninga er lik.
For å få familierabatt må du kjøpe billetten om bord i bussen, ikkje via FRAM-appen.
På hurtigbåtane blir det gitt familierabatt når ein familie (far/mor og barn 6-17 år) reiser saman og løyser felles billett om bord. Alle familiemedlemmer får 25 prosent rabatt på enkeltbillett. Barn under 6 år reiser gratis.
For å få familierabatt må du kjøpe billetten om bord på hurtigbåten, ikkje via FRAM-appen.
Rundreise
Denne rabatten gjekk ut 1. januar 2023.
For hurtigbåtreise utan ilandstiging blei det gitt 35 prosent rundreiserabatt på ordinær tur/returbillett. Hovudregelen er at den reisande måtte vere om bord under heile turen.
Vernepliktige
Vernepliktige (person som er inne til førstegongsteneste) får 50 prosent rabatt på enkeltbillett vaksen mot framvising av tenestebevis, innkallingsbrev, studentbevis frå krigsskolen eller forsvarets blå id-kort.
Interrail/Eurail
Mot å vise fram gyldig Interrail-/Eurail-billett får du 50 prosent rabatt på den ordinære vaksenbilletten på togbussane FRAM Ekspress linje 420 Åndalsnes-Molde og FRAM Ekspress linje 681 Åndalsnes-Ålesund.
Rabatt på ferje
For reisende utan bil er det gratis å ta ferje. Rabattane som gjeld for bil på ferje, kan du finne i regulativa for ferjetakstar.