Søker om løyve til å redusere nullutsleppsbilar på ferjene
Møre og Romsdal fylkeskommune søker om løyve til å redusere rabatten for nullutsleppsbilar på ferjene frå 2023.
Fylkestinget vedtok i samband med økonomiplan 2023-2026 at rabatt på nullutsleppsbilar blir endra frå 50 % til 30 % i tråd med budsjettforliket på Stortinget.
Taksering av nullutsleppskøyretøy på offentlege ferjesamband er regulert gjennom Rundskriv N 2/2018. I følgje rundskrivet, skal nullutsleppskøyretøy ikkje betal meir enn maksimalt 50 prosent av takstane for konvensjonelle køyretøy på ferjer.
Fylkeskommune søker derfor om løyve frå bestemmingane i rundskrivet.
Fram til fylkeskommunen eventuelt får innvilga søknaden om endring i rabatt frå Samferdselsdepartementet, vil det framleis vere 50 % rabatt for nullutsleppsbilar på ferjene.
Kontaktperson: Toril Karlsnes, seksjonsleiar marknad i FRAM, tlf. 45608330
Publisert 23.12.2022