Rutebuss frå Ørsta og Volda til Hovden lufthamn på morgonen frå 2. januar 2023
Frå 2. januar 2023 blir det tilbod om rutebuss frå Ørsta rutebilstasjon og Volda rutebilstasjon til morgonavgangane med fly frå Ørsta-Volda lufthamn Hovden på kvardagar. Dette innebér at tilbodet om bestillingstransport (Svipp) ikkje lenger blir tilgjengeleg om morgonen på kvardagar. Det vil framleis vere bestillingstransport på kveld og helg.
Det blir bussavgang frå Volda rutebilstasjon 05.25 via Furene med ankomst Ørsta-Volda lufthamn 5.35. Bussen går vidare til Ørsta rutebilstasjon.
Lokalt i Volda vil det gå buss frå Volda sjukehus 05.09, deretter frå Heltnesundet 05.11, Nylenda 05.13, Brenslene 05.17 og Volda vgs 05.20 med ankomst Volda rutebilstasjon kl. 05.23, slik at reisande med denne bussen kan ta bussen 05.25 til lufthamna frå bussterminalen.
Frå Ørsta blir det avgang 05.25 via Hovdebakken til lufthamna med ankomst 05.31. Bussen går vidare til Volda.
Publisert 21.12.2022