Skriftstørrelse
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
English

Remetunnelane stengast 6. februar: Endra bussruter i stengeperioden

Remetunnelane mellom Slyngstad og Brattvåg stengast for trafikk mellom 6. februar – 1. juni 2023, for å gjere ei omfattande oppgradering. I stengeperioden blir det omkøyring via Søvika og endra bussruter. Hurtigbåttilbodet mellom Hamnsund og Ålesund kan òg vere eit godt alternativ for nokon.

Mellom anna skal heile vegbana senkast for å auke høgda i Remetunnelane. Dette gjer at ein slepp sentrisk køyring som utgjer ein stor risiko i dag.

Tunnelane stengast i ei lengre periode for å gjere heilt nødvendig oppgraderingsarbeid. Sidan heile vegbana skal senkast, er det ikkje mogleg å føre trafikk gjennom i anleggsperioden.

- Vi veit at dette gir utfordringar for dei som køyrer desse tunnelane til dagleg, og det gir konsekvensar for kollektivtrafikken. Det gjer at folk i større grad må planlegge reisene sine. Vi prøver å gjere konsekvensane så små som mogleg ved å samarbeide med FRAM om alternative ruter for buss, og vise fram andre alternativ som reisande kan nytte, som hurtigbåten. Etter ei stengeperiode med endra reisemønster får vi vesentleg betre og tryggare tunnelar. Det er gulrota, seier Erlend Opstad, som er prosjektleiar i fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Det er gjort fleire trafikktryggingstiltak langs omkøyringsruta, som siktrydding, skilting, flytting av gangfelt og forsterka vinterdrift. Fartsgrensa er òg senka frå 70 til 60 på nokre kortare strekningar.

Nye bussruter i anleggsperioden

Stengeperioden påverkar også bussrutene i området. Omkøyringa fører til lengre reisestrekning og auka trafikk på strekninga. Dette gjer at reisetida med bussen aukar med 40 minutt på dagtid og 35 minutt på kveldstid, samanlikna med dei normale bussrutene. Det blir også gjort andre endringar i sjølve rutetilbodet for å oppretthalde eit effektivt kollektivtilbod i anleggsperioden.

  • Viktige avgangar for arbeidspendling og skole er tilpassa slik at det skal fungere. Dette gjelder også ruter som korresponderer med linje 230 mellom Brattvåg og Ålesund
  • Nokon avgangar er satt til å køyre berre mellom Brattvåg og Hamnsund
  • Bussavgangar i periodar med lav trafikk er tatt bort, sidan desse ikkje er mogleg å oppretthalde med talet på tilgjengelege bussar

Rutetabellane for stengeperioden er oppdatert i FRAM-appen og i FRAM sin reiseplanleggar på frammr.no.

Hurtigbåten eit godt alternativ

For reisande som skal til og frå Ålesund kan hurtigbåten vere eit godt alternativ. Hurtigbåtkaia og parkeringsområdet på Hamnsund har nyleg blitt oppgradert for å kunne handtere større trafikk. Båten har god kapasitet til å ta imot mange nye reisande.

- Mannskapet om bord seier at båten har romsleg kapasitet og kan handtere ei stor trafikkauke. Vi legg også opp til at elevar som skal til dei vidaregåande skolane i Ålesund og Borgund, nyttar hurtigbåten i anleggsperioden. Dette er cirka 20 elevar, seier Inge Rønstad som er rådgivar i driftsseksjon i FRAM, i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Rutetidene til hurtigbåten blir ikkje endra i anleggsperioden.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.