Informasjon til deg som bruker verdi på reisekortet til å betale for billetten
Vi forlenger tida du kan fylle verdi på reisekortet og bruke han til å betale for billetten til 1. november. Og frå 1. august fell rabatten på 17 prosent bort når du betalar for enkeltbillett til vaksne med verdi frå reisekortet.
Vi har tidlegare kommunisert at 1. august vil vere sluttdatoen for verdidelen på reisekortet, men datoen er no forlenga til 1. november for å få tid til å finne eit godt alternativ for barn og andre som ikkje kan bruke app eller bankkort til å kjøpe billetten.
Derfor vil vi gjerne at du tar kontakt dersom det er eit problem for deg eller andre i familien o.l. at verdidelen forsvinn, for å forstå betre kva behova er. Her kan du sende inn tilbakemeldinga om bruk av verdidelen.
Fram til 1. november kan du fortsette å fylle på med verdi, sjekke saldo og betale for billetten med verdien om bord på bussane og hurtigbåtane eller på trafikkterminalane.
Har du igjen verdi på reisekortet i november, treng du å fylle ut refusjonsskjemaet og sende inn. Eller du kan besøke ein av trafikkterminalane for hjelp.
Etter 1. november kan du fortsette å bruke det fysiske reisekortet i plastikk til periodebillettar du kjøper i nettbutikken, på trafikkterminalane og om bord på bussane og hurtigbåtane, som tidlegare.
Publisert 25.06.2023