Informasjon om ny nettbutikk
Etter påske får vi ein ny nettbutikk. Nettbutikken vi har i dag er utdatert og følgjer ikkje krava til universell utforming, som gjer det vanskeleg for fleire å bruke nettbutikken i dag. Her får du vite kva nettbutikken som kjem betyr for deg som kunde.
Den nye nettbutikken vil få fleire fordelar
- Det blir enklare og raskare å kjøpe billett.
- Dei som er svaksynte kan bruke den betre fordi den oppfyller krava til universell utforming.
- Det blir ein ny funksjon som heiter «Kjøp for andre». Den kan du bruke om du skal kjøpe billettar for familiemedlemmar eller andre. Det blir også mogleg å kjøpe periodebillettane FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen med denne funksjonen.
- Vi kan halde deg oppdatert og sende e-post når vi kjem med nye billettprodukt eller nye funksjonar i nettbutikken.
- FRAM kan aktivt forbetre og utvide den nye nettbutikken framover.
Kva betyr dette for deg
- I nettbutikken må du rekne med litt ekstra tid første gongen, til å opprette ein ny brukar og registrere reisekortet ditt, eller bestille eit reisekort.
- Vi har dei same billettane som før, i tillegg kjem FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen til nettbutikken. Periodebillett 24 timar blir tilgjengeleg seinare.
- Det blir ikkje mogleg å fylle på verdidelen av reisekortet i den nye nettbutikken. Du kan framleis fylle på verdidelen om bord på buss, hurtigbåt eller på trafikkterminal. Eller du kan bruke den nye funksjonen «Kjøp for andre» dersom du kjøper billettar for familiemedlemmar eller andre.
- Det er berre nettbutikken som blir endra i denne lanseringa. Det er inga endring i appen eller om bord på buss og hurtigbåt no.
Ofte stilte spørsmål
Her har vi samla ofte stilte spørsmål og svar om nettbutikken, reisekort og verdidelen.
Kva må eg gjere for å ta i bruk ny nettbutikk?
Bruk den same knappen «Nettbutikken» på framsida her på frammr.no. Den vil føre deg til den nye nettbutikken når den er klar. Der får du informasjon om kva du skal gjere.
Du må opprette ein ny brukar første gong du skal kjøpe billett i den nye nettbutikken. Ha klar reisekortet, bankkort/betalingsinformasjon og e-postadressa di.
Kvifor kan eg ikkje fylle på verdidel i nettbutikken?
Verdidelen er ei gammal, tungvint betalingsform i dei fleste situasjonar. Verdidelen vil bli fasa heilt ut til 1. august 2023. Fram til då kan du bruke verdidelen dersom du fyller på om bord på buss, hurtigbåt eller på trafikkterminal. Eller du kan fylle ein større verdi på reisekortet i løpet av påska før vi byter nettbutikk, og bruke verdien fram til 1. august.
Kanskje den nye funksjonen «Kjøp for andre» vil vere eit godt alternativ?
Med "Kjøp for andre" kan du administrere og kjøpe billettar til andre reisekort. Praktisk for deg som ønsker å kjøpe billett til barna eller andre familiemedlemmar.
Vi vil gjerne ha tilbakemelding dersom det blir eit problem for deg at du ikkje kan fylle på verdidelen i den nye nettbutikken, eller det at verdidelen skal fasast ut, og "Kjøp for andre" ikkje dekker behova dine. Då kan vi jobbe for å finne eit anna alternativ. Her kan du sende inn tilbakemeldinga om bruk av verdidelen.
Kva skjer med billettar eg allereie har på reisekortet?
Billettane på reisekortet vil bli med vidare etter vi har byta nettbutikk.
Mistar eg pengane på verdidelen?
Nei. Pass på å bruke opp saldoen innan 1. august 2023. Etter 1. august kan du få refundert beløpet ved å fylle ut og sende inn skjemaet for refusjon til FRAM Kundesenter.
Er det endringar i billettane?
Nei og ja. Alle billettane du kan kjøpe i nettbutikken i dag, kan du kjøpe i den nye nettbutikken også. I tillegg kan du kjøpe FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen i nettbutikken framover. Periodebillett 24 timar blir tilgjengeleg seinare.
Det skjedde nokre endringar blant billettane 1. januar i år, dei kan du lese om i informasjonen om at billettprisane for buss auka og endringar blei innført frå nyttår.
Vil det kome ny FRAM-app også?
Ja, det kjem ein ny FRAM-app seinare i år, men her vil vi komme med eigen informasjon i god tid. FRAM-appen som blir brukt i dag vil framleis vere tilgjengeleg til vi er trygg på at den nye er klar til å dekke alle behova.
Kva skjer framover?
Etter påske
Den nye nettbutikken blir lansert etter påska i midten av april. Så snart lanseringsdatoen er klar vil vi legge ut informasjon om dette i våre kanalar. Den gamle nettbutikken blir deaktivert samstundes, og du kan ikkje lenger bruke den gamle nettbutikken etter at den nye nettbutikken er lansert.
1. august
Frå denne datoen vil det ikkje lenger vere mogleg å bruke verdidelen på reisekort på bussen eller hurtigbåten. Vi vil presentere alternativa god tid i førevegen.
Publisert 01.03.2023