Informasjon om ny app
No har vi ein ny app. Appen følgjer krava til universell utforming, som gjer det enklare for fleire å bruke den. Her får du vite kva den nye appen betyr for deg som kunde.
Den nye appen har fleire fordelar
- Appen er blitt meir brukarvennleg enn den førre.
- Det er enklare og raskare å gjøre reisesøk og kjøpe billett.
- Dei som er svaksynte kan bruke appen betre fordi den oppfyller krava til universell utforming.
- Kartfunksjonen har blitt betre, no kan du følge direkte med på kor bussen køyrer i kartet.
- Personar med andre telefonnummer enn skandinaviske kan også bruke den nye appen.
- FRAM kan aktivt forbetre og utvide den nye appen framover.
Kva betyr dette for deg
- I ei kort periode vil den gamle FRAM-appen fungere samtidig med den nye FRAM-appen. 1. november kan du ikkje lenger kjøpe billett i den gamle appen, men kan bruke billetten du har kjøpt ut november. Men i løpet av desember må alle over til den nye appen fordi funksjonane i den gamle appen blir skrudd av.
- Du kan ikkje flytte ein billett frå den eine appen til den andre, så dersom du har ein gyldig billett i den gamle appen må du bruke den der før du kan bytte til den nye appen.
- I appen må du rekne med litt ekstra tid første gongen, til å opprette ein ny brukar.
- Du vil kjenne igjen menyen og vi har dei same billettane som før.
- Du kan også lagre favorittstadene og favorittavgangane dine som før.
- Kjøp av billett til hurtigbåtane gjennom reisesøk blir tilgjengeleg seinare. Men du kan kjøpe billetten gjennom menyen "Billettar".
- Appen har fått mørkeblå bakgrunn på ikonet og tek over namnet «FRAM». Og den gamle appen med kvit bakgrunn på ikonet har fått namnet «FRAM (gammal)».
Ofte stilte spørsmål
Her har vi samla ofte stilte spørsmål og svar om appen.
Kva må eg gjere for å ta i bruk ny app?
Du kan begynne å bruke den nye appen no, men sørg for å behalde den gamle appen til billettar i den er brukt opp.
Søk etter "FRAM" i App Store eller Google Play og last ned appen med blått appikon.
Du får informasjon om kva du skal gjere vidare når du opner appen første gongen. Hjelp til å kome i gang med å bruke den nye appen.
Kva skjer med billettar eg har i den gamle appen?
Du må bruke billetten i den gamle appen til den går ut der. Det er ikkje mogleg å flytte billetten til den nye appen.
Er eg nøydd til å logge inn i appen?
Nei. Du kan bruke appen utan å logge inn, men det er fleire fordelar med å ha ein brukar og logge inn. Du får informasjon om det i appen før du vel.
Kan eg kjøpe billettar i nettbutikken og sende til appen?
Ikkje enno.
Er det endringar i billettane?
Nei. Merk at billettar til hurtigbåtane gjennom reisesøk blir tilgjengeleg seinare. Men du kan kjøpe billetten gjennom menyen "Billettar".
Merk også at frå 1. november er det endring for sonestrukturen. Her finn du informasjon om større soner frå 1. november.
Korleis ser eg om det er sanntid eller ikkje i den nye appen?
I den nye appen er avgangar i sanntid merka med ein grønn sirkel foran seg. Tidspunkt utan grønn sirkel er rutetid.
For å finne rutetiden på ein avgang som viser sanntid, kan du trykke på avgangen og tida som er streka over er den planlagde rutetida.
Kan eg søke etter avgangar for berre bussane eller ferjene?
Ja, i reisesøket kan du velje å vise avgangar for berre eit eller fleire transportmiddel. Bruk valet kalt Filter.
Er det mogleg å sjå forskjell på den gamle og nye appen?
Ja, den gamle appen har eit kvitt appikon og har fått namnet "FRAM (gammal)" og den nye appen har eit blått appikon og har fått namnet "FRAM".
Kor legg eg til betalingsmåte i appen?
Når du skal kjøpe ein billett kan du velje å lagre betalingsmåten og detaljane for bankkort o.l.
Du kan også legge inn bankkort i innstillingane under Min brukar utan å måtte kjøpe ein billett samtidig.
Kor kan eg finne kundenummeret i appen?
For å finne kundenummeret ditt i appen, går du til menyen Min brukar.
Kva gjer eg om det står "ikkje gyldig i kontroll" på billetten?
Gå inn i innstillingane til appen og vel aktuell eining (telefon) som billettberar. Frå "Min brukar", gå til "Bruk billett på mobil" under overskrifta "Innstillingar" og deretter "Bytt mellom mobilar". Vel så namnet med "(denne eininga)" bak." Det skal då fungere å bruke den kjøpte billetten.
Kva gjer eg om eg får problem med appen?
Da tar du kontakt med FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjema eller på telefon. Her finn du kontaktinformasjonen til FRAM Kundesenter.
Viktige datoar
1. november
Kan du ikkje lenger kjøpe billett i den gamle appen, men kan bruke billetten du har kjøpt ut november.
I desember
Alle må over til den nye appen fordi den gamle appen sluttar å verke.
Publisert 09.10.2023