Frå 1. november blir det enklare og ofte billegare å reise kollektivt i Møre og Romsdal
Frå 1. november 2023 blir Møre og Romsdal delt inn i 7 soner for kollektivreiser med buss i staden for over 500. Dette gjer soneinndelinga meir oversiktleg og medfører at mange får billegare kollektivreiser.
Dette er dei nye sonene

Søre Sunnmøre: Vanylven, Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande
Indre Sunnmøre: Stranda, Fjord og Sykkylven
Ålesund: Ålesund, Sula, Giske og Haram (eigen kommune frå 2024)
Molde: Vestnes, Aukra, Molde, Hustadvika
Romsdal: Rauma kommune
Kristiansund: Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Tingvoll
Nordre Nordmøre: Sunndal, Surnadal, Aure, Smøla
Slik blir prisane frå 1. november 2023

Det blir ingen endringar i prisane for hurtigbåt.
Enkeltbillett er gyldig i den eller dei sonene den er kjøpt for
Reiser du med enkeltbillett, betaler du for den eller dei sonene du er innom på reisa.
Om du reiser i éi sone, kan du reise tur/retur på same billett, under føresetnad av at gyldighetstida på billetten ikkje har gått ut.
Om du reiser frå ei sone til ei anna sone, kan du ikkje reise tur/retur på same billett. Då er billetten berre gyldig på den reisestrekninga du har valt, éin veg. Når du kjem til den sona du skal avslutte reisa i, kan du bytte buss og reise vidare i den same sona, under føresetnad av at du er innanfor gyldigheitstida til billetten.
Enkeltbilletten er gyldig for påstiging i éin time og 30 minutt for éi sone. Billett for to soner er gyldig i to timar og 30 minutt. Billett for tre eller fleire soner er gyldig i minst tre timar og 30 minutt.
Er gyldigheitstida gått ut før du kan reise vidare, må du kjøpe ny billett for neste strekning.
Alle periodebillettar blir sonebaserte
Frå 1. november blir alle periodebillettar sonebaserte. Det betyr at dei førehandsdefinerte områdebillettane som finst i den gamle sonestrukturen blir borte. (Dette gjeld periodebillett for Ålesund, Giske, Sula, Kristiansund/Frei, Hjelset/Kleive, Elnesvågen-Molde, Ørsta/Volda og Sykkylven.)
Når du skal kjøpe ein sonebasert periodebillett, kan du velje ein frå-haldeplass som ligg i den sona du vil reise frå og ein til-haldeplass som ligg i den sona du vil reise til (dette kan vere same sone).
Periodebilletten er ikkje avgrensa til reiser til og frå desse haldeplassane. Du kan reise til eller frå alle haldeplassar i dei sonene haldeplassane du oppgir, ligg i.
Maksimalpris på periodebillett 30 dagar
Det blir ein maksimalpris på periodebillett 30 dagar. Maksimalprisen er tilsvarande prisen på en periodebillett for tre sonar. Maksimalprisen på periodebillett 30 dagar for buss for vaksne er 1560 kroner.
Merk at det for ungdom og studentar fort vil lønne seg å kjøpe ein fylkesbillett.
Fylkesbillettane FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen
FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen er det vi kallar fylkesbillettar. Alle desse billettane gir fri reise med buss og hurtigbåt i heile fylket.
FRAM Vaksen berre for buss blir erstatta med vanlege periodebillettar for buss.
Ferje er gratis dersom du ikkje har med eige køyretøy.
Bruk av fylkesbillett på Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim
Kystekspressen mellom Kristiansund og Trondheim blir drifta av AtB og har litt andre reglar enn FRAM sine hurtigbåtar. FRAM Ung kan brukast på Kystekspressen mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen.
På denne hurtigbåten er det ikkje mogleg å lese av FRAM Ung på ein billettlesar. Planlegg du å reise med denne hurtigbåten, må du ta vare på kjøpskvitteringa med startdato. Vis fram kvitteringa saman med FRAM Ung-billetten om bord.
FRAM Student og FRAM Vaksen kan ikkje brukast på Kystekspressen.
Ikkje mogleg å kjøpe periodebillettar i den gamle FRAM-appen frå 1. november
Ein ny FRAM-app blir snart lansert og frå 1. november vil du ikkje kunne kjøpe periodebillettar i den gamle FRAM-appen.
Periodebillettar vil vere tilgjengelege i den nye i nettbutikken, på trafikkterminalane, om bord i bussen og i den nye FRAM-appen.
Ombordtillegg for vaksne, studentar og personar i førstegongsteneste
Kjøper du enkeltbillett om bord og betaler med bankkort eller kontantar vil det framleis bli lagt på eit ombordtillegg på 20 kroner for vaksne og 10 kroner for studentar og personar i førstegongsteneste. Barn og honnørreisande får ikkje ombordtillegg.
Grunnen til dette tillegget er at vi ønsker at flest mogleg skal kjøpe billett på førehand, og vi går ut frå at dei fleste vaksne kan få til dette. Billettering om bord tar tid og gjer at bussen kjem seinare fram. Effektiv køyretid er svært viktig både for kundetilfredsheit og for at bussen skal vere konkurransedyktig samanlikna med bil.
Reiser inn og ut av Møre og Romsdal
Reiser inn og ut av Trøndelag
For reiser inn og ut av Trøndelag vil FRAM ta utgangspunkt i dei allereie definerte sonene. Det bli eit prispåslag for kvar sone i Trøndelag du er innom.
Frå alle soner i Møre og Romsdal med unntak av sone Nordre Nordmøre blir det desse påslaga:
- Påslag til soner Oppdal, Storås og Vinje (AtB sonegruppe C): 150 kroner (vaksen)
- Påslag til sone Orkdal (AtB sonegruppe B): 250 kroner (vaksen)
- Påslag til sone Trondheim (AtB sonegruppe A): 350 kroner (vaksen)
Frå sone Nordre Nordmøre blir det desse påslaga:
- Påslag til soner Oppdal, Storås og Vinje (AtB sonegruppe C): 105 kroner (vaksen)
- Påslag til sone Orkdal (AtB sonegruppe B): 175 kroner (vaksen)
- Påslag til sone Trondheim (AtB sonegruppe A): 245 kroner (vaksen)
Rabattar for barn, honnør og studentar etter gjeldande reglar.
Gamle Halsa kommune og Rindal kommune er definert som sone Nordre Nordmøre, og blir billettert som del av Møre og Romsdal.
Reiser inn og ut av Vestland
Sone «I» i Vestland blir oppretta som eiga sone i FRAM sin sonestruktur. Prisstrukturen vil vere den same som i Møre og Romsdal. Det vil seie at i sone I i Vestland blir det same pris som i Møre og Romsdal for turar som går inn til eller ut av Møre og Romsdal.
For avgangar med FRAM linje 351 Volda-Nordfjordeid, FRAM linje 250 Ålesund-Stryn og Skyss linje 110 gjeld FRAM sine takstar heile vegen. Det er mogleg å kjøpe ein periodebillett frå FRAM for desse strekningane.
Fylkesbillettane FRAM Ung, FRAM Student og FRAM Vaksen gjeld berre i Møre og Romsdal, ikkje for reiser inn til eller ut av Vestland. Reisande med fylkesbillett må kjøpe tilleggsbillett for reiser inn til og ut av Vestland.
For Vy sine kommersielle ekspressruter mellom Møre og Romsdal og Vestland gjeld ikkje FRAM sine billettar. Kundane må her kjøpe billett hos VY. Det er eitt unntak: På linje Vy 430 frå Ålesund kl 11.00 mot Bergen og frå Bergen kl. 08.00 mot Ålesund kan kundar kjøpe billett til FRAM-pris på strekninga Ålesund-Nordjordeid. Her gjeld óg periodebillett frå FRAM, under føresetnad at periodebilletten er løyst for dette området.
Publisert 19.09.2023