Skriftstørrelse
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
britisk flagg

Endringar i kollektivtilbodet etter opninga av Nordøyvegen

I samband med at Nordøyvegen blir opna blir kollektivtilbodet for Nordøyane endra frå søndag 28. august 2022.

Ferje

Rute 1059 Aukra-Hollingsholmen får ruteendring på morgonen på kvardagar. Avgangen frå Aukra blir flytta fram eit kvarter, frå kl. 06.15 til kl. 06.00, og avgangen frå Hollingsholmen blir flytta fram med ti minutt, frå kl. 06.30 til kl. 06.20.

På rute 1056 Brattvåg-Dryna vil ferja begynne å gå mellom Brattvåg-Dryna. Ferja startar kl. 06.25 frå Dryna på kvardagar, og siste tur frå Brattvågen blir kl. 23.00. På laurdag kl. 07.25 frå Dryna og kl. 08.25 på søndagar.

Rute 1051 Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona får ruteendring alle dagar. Ferja startar fem minutt tidlegare frå Ona på kvardagar kl. 05.20, og det blir forskyving utover dagen.

Buss

Linje 232 vil gå frå Finnøya til Hamnsund/Brattvåg. Det er lagt opp til omfattande korrespondanse med ferje på Finnøya, med buss vidare frå Brattvåg til Moa, og med hurtigbåt frå Hamnsund til Ålesund sentrum.

I samband med endringane til ferja 1056 Dryna-Brattvåg blir det eit betra ruteopplegg mellom Brattvåg og Moa og korrespondanse med ferje.

Hurtigbåt

For hurtigbåten som vil gå i rute Ålesund-Valderøya-Store Kalvøy-Hamnsund blir det tolv avgangar frå Ålesund til Hamnsund på kvardagar, og det same tilbake. På helg blir det sju avgangar i kvar retning. Av desse avgangane vil sju avgangar totalt gå innom Store Kalvøy på kvardagar og fem på helg.

Kombinert billett for buss og hurtigbåt

Når det nye ruteopplegget for buss og hurtigbåt startar opp, vil du kunne kjøpe ein periodebillett som dekker både buss mellom øyane og Hamnsund og hurtigbåten mellom Hamnsund og Ålesund. Billetten vil og inkludere buss mellom Ålesund sentrum og Moa. Ein slik periodebillett vil ha god rabatt samanlikna med full pris.

I perioden 22. august til 22. oktober er det 40 % rabatt på hurtigbåt til/frå Ålesund, og i denne perioden vil kombibilletten til/frå Nordøyane bli tilsvarande billegare.

I kampanjeperioden er den rabatterte prisen for kombibilletten 1.420 kr for vaksen og 710 kr for barn, honnør og student.

Billettar for nytt ruteopplegg blir tilgjengelege allereie frå 22. august.

Ruteinformasjon

Du kan finne ruteinformasjon i reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen, under Rutetabellar her på nettsida eller du kan ringe FRAM Kundesenter på 71 28 01 00.

På frammr.no kan du også finne informasjon om kollektivtilbodet generelt eller du kan ringe kundesenteret ved spørsmål.

I oppstartsfasen blir det lagt ut ein såkalla «publikumstabell» på nettsida som viser dei ulike bussrutene frå øyane til Brattvåg og korrespondanse med båt til Ålesund i samanheng. Vi anbefaler alle som kan å bruke reiseplanleggaren på frammr.no eller i FRAM-appen for enkelt å få fram raskaste kombinerte reisemåte.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.