Endring i opningstider for FRAM kundesenter
Frå onsdag 1. februar blir det endring i opningstider for telefontenesten til FRAM kundesenter. Dei nye opningstidene er mandag – fredag 08.00 – 16.00.
- Dei fleste telefonhenvendingar til FRAM skjer i dette tidsrommet allereie i dag, opplyser seksjonsleiar i FRAM, Toril Karlsnes.
På grunn av endringar i brukarmønster og pressa økonomi i Møre og Romsdal fylkeskommune ser FRAM at dette er fornuftige tilpassingar. Tidlegare har telefontenesta vore open også på kveldar og i helg. I følge Karlsnes blir informasjon stadig meir tilgjengelig digitalt, og er godt tilpassa både nettsider og app. Dei henvendingane som kjem inn skjer også i større grad skriftleg via digitale kanalar.
- Kundane finn ofte svaret på spørsmålet sitt på nettsidene, så behovet for telefontenester har endra seg dei siste åra, seier ho.
Karslnes er imidlertid tydeleg på at FRAM skal ha god kapasitet på skriftlege henvendingar, og det er ei prioritert oppgåve for dei å svare kundane snarast mogleg.
Publisert 30.01.2023