Bli ein bussjåfør
Nokre av operatørane våre, som køyrer bussane med profilen til FRAM, treng fleire sjåførar. Her kan du finne informasjon om kva for område det gjeld, med lenke til meir informasjon om å søke på stillinga som sjåfør.
Ålesund, Giske og Sula
I områda Ålesund, Giske og Sula er det Vy Buss AS som køyrer bussane.
Vy ønsker å komme i kontakt med deg om du har førarkort klasse D, YSK og køyresetel. Dei treng både faste tilsette i full stilling, sjåførar til skolebuss og vikarar.
Her kan du finne stillingsannonsen til Vy.
Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla
I områda Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla er det Tide Buss AS som køyrer bussane.
Har du førarkort klasse C, C1 og erfaring med minibuss eller lastebil/liten lastebil? Ta kontakt med Tide om du er interessert i å oppgradere sertifikat til klasse D – dei kan hjelpe. Dei har også plass til lærlingar.
Her kan du finne stillingsannonsen til Tide.
Rauma, Vestnes og Skåla
I områda Rauma, Vestnes og Skåla er det Veøy Buss AS som køyrer bussane.
Veøy søker sjåførar til stillingar som er heiltid og deltid, og tilkallingshjelp. Har du ikkje sertifikat for klasse D - ta kontakt likevel.
Publisert 14.12.2022