Ber reisande med togbuss vere forberedt på manglande korrespondansar
På grunn av problema på Dovrebanen etter ekstremvêret, endrar SJ Nord togtidene for Raumabanen og Dovrebanen på kort varsel. Dette fører til at mange av FRAM sine bussar ikkje kjem til å korrespondere like godt med toga i ei periode framover. Endringane i togtider skjer frå og med måndag 4. september til og med 9. desember 2023.
Nye togtider inneber at FRAM må endre driftsopplegget sitt, og at FRAM sine operatørar må endre skiftordninga til sine sjåførar. Den korte varslinga gjer at det ikkje er nok tid til å få gjennomført dette før dei nye togtidene trer i kraft. Passasjerar som skal reise med buss til eller frå togreiser på Raumabanen eller Dovrebanen, må derfor vere forberedt på at det vil vere endringar i korrespondanse mellom buss og tog.
Desse busslinjene vil bli råka av endringa i togtidene:
- 100/101 FRAM Ekspress Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund
- 420 FRAM Ekspress Molde-Åndalsnes
- 482 Åndalsnes-Vestnes
- 681 FRAM Ekspress Ålesund-Vestnes-Åndalsnes
- 901 FRAM Ekspress Kristiansund-Oppdal
- 905 FRAM Ekspress Ålesund-Molde-Kristiansund-Trondheim
I den gjeldande perioden vil det ikkje vere togbuss til Ålesund på siste togankomst til Åndalsnes.
Så snart som mogleg
– FRAM vil saman med våre operatørar jobbe for å få tilpassa rutetidene våre til dei nye togtidene så snart som mogleg. I mellomtida må vi dessverre be reisande om å vere forberedt på manglande korrespondansar, opplyser Tor Erik Kirkeland, rådgivar for drift i FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune.
– I reiseplanleggaren på FRAM sine nettsider og i FRAM-appen vil det til ei kvar tid vere oppdatert informasjon om rutetidene for bussane. Vi vil også komme med meir informasjon så snart vi veit korleis tilpassinga av rutetidene for bussane blir, seier Kirkeland.
Publisert 30.08.2023