Aukar billettprisane for buss og innfører endringar frå nyttår
I samband med økonomiplan 2023-2026, vedtok fylkestinget å auke billettprisane for buss i fylket frå 1. januar 2023. Det blei òg vedteke ei auke i gebyr knytt til billettkontroll, og endringar i FRAM sine billettprodukt.
Prisjustering som følgje av auka kostnadar
Takstane på kollektivtilboda som Møre og Romsdal fylkeskommune er ansvarlege for, blir kvart år lagt fram av fylkeskommunedirektøren for politisk behandling. I år tilrådde fylkeskommunedirektøren ei prisauke på 4 prosent på enkeltbillettar og periodebillettar på buss og hurtigbåt i 2023. Bakgrunnen for dette er stor kostnadsauke på buss- og hurtigbåtkontraktar, og manglande kompensasjon for kostnadane i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. For å unngå eit vesentleg redusert kollektivtilbod, såg fylkeskommunedirektøren det som naudsynt å auke prisane.
Prisauken på billettar føljer lønsutviklinga, basert på Statistisk sentralbyrå sine forventningar om ein lønnsvekst på 4 prosent i 2022.
Fylkestinget vedtok å ikkje auke prisane for FRAM Ung og FRAM Student. Det blir heller ikkje endringar i prisane for hurtigbåt.
Desse billettprodukta får prisauke frå 1. januar 2023:
- Enkeltbillettar buss – prisen aukar med 4 prosent.
Priseksempel: Om du kjøper vaksen-billett og reiser innanfor éi (1) sone, vil ein enkeltbillett koste 2 kroner meir i 2023 enn den gjorde i 2022. Ein barne- eller honnørbillett innanfor éi (1) sone, vil koste 1 krone meir i 2023.
Her finn du tabell som viser prisar for enkeltbillettar i 2023
- Periodebillettar buss – prisen aukar med 4 prosent i 2023.
Priseksempel: Om du kjøper ein periodebillett vaksen for 7 dagar, og reiser innanfor éi (1) sone, vil billetten koste 7 kroner meir i 2023 enn den gjorde i 2022. Ein periodebillett barn for 7 dagar innanfor éi (1) sone, vil koste 5 kroner meir i 2023.
Her finn du tabell som viser prisar for periodebillettar i 2023
- Sykkel – det blir innført betaling for å ta med sykkel på bussen. Prisen tilsvarer ein barnebillett 6-17 år.
Endringar i billettprodukt
Ei oversiktleg produktportefølje er viktig for at FRAM skal kunne kommunisere godt med kundane sine. Fylkeskommunedirektøren foreslo derfor ei forenkling og endring av billettprodukta, og dette vart vedteke i fylkestinget.
– FRAM Ung og FRAM Student er billettar som tilbyr stor fleksibilitet. No vil vi innføre liknande produkt for vaksne, seier seksjonsleiar for marknad i FRAM, Toril Karlsnes.
Desse nye billettprodukta blir innført frå 1. januar 2023:
- FRAM Vaksen: Er ein periodebillett som kan brukast uavgrensa på busslinjer eller buss+hurtigbåt-linjer i heile fylket i 30 dagar. FRAM Vaksen tilsvarar FRAM Ung og FRAM Student, og er eit tillegg til dei ordinære periodebillettane som gjeld eit definert område eller ei bestemt strekning.
Det er to typar av FRAM Vaksen:
- FRAM Vaksen Buss kostar 1.500 kroner
- FRAM Vaksen Båt+Buss kostar 2.100 kroner
FRAM Vaksen Båt+Buss gjeld ikkje på hurtigbåten mellom Kristiansund og Trondheim (Kystekspressen).
- Familierabatt buss: Er du i kategoriane vaksen, honnør og student, kan du ha med deg inntil fire barn under 18 år gratis på reise med kollektivtransport i helgane, så lenge dei reiser på same reisestrekning som deg. For å få familierabatt må du kjøpe billetten om bord i bussen, ikkje via FRAM-appen.
– Familierabatt er ei ordning som fleire andre kollektivselskap har, og som vi meiner vil vere eit godt tilbod for våre kundar, seier Karlsnes.
Desse billettprodukta blir fjerna frå 1. januar 2023:
- Områdebillett: Dei områdebillettane som har same pris som strekningsbaserte periodebillettar blir fjerna. Dette gjeld Kristiansund, Molde og Ulsteinvik sentrum. Du finn desse ved å bruke søk frå haldeplass til haldeplass i FRAM-appen.
- Kombinert periodebillett for hurtigbåt og buss (kombibillett): Dette billettproduktet blir erstatta av FRAM Vaksen Båt+Buss. Meir informasjon vil bli gitt på hurtigbåtar i dei områda der desse billettane er aktuelle. Enkeltbillett Buss/Båt blir ikkje endra.
Karlsnes fortel at verdikort og firmakort på sikt vil bli fjerna: – Informasjon om dette vil bli gitt i god tid slik at resterande verdi vil kunne nyttast før ordninga blir avvikla, seier ho.
Gebyr
Gebyr er eit viktig verkemiddel for å forebygge snik. I dagens takstretningslinjer er gebyra på 500 kroner for vaksne ved betaling på staden (750 kroner ved faktura), og 500 kroner for barn og unge, uansett korleis betalinga blir oppgjort. Resten av kollektivbransjen i Norge ligg på eit høgare nivå, og no vil Møre og Romsdal leggje seg på same nivå, for at det skal være likskap med andre kollektivtilbod i Norge.
Desse gebyra aukar frå 1. januar 2023:
Vaksen/honnør/student: 1150 kr, eller 950 kr om du betalar på staden
Barn og ungdom over 15 år: 950 kr uansett oppgjersform
Falsk eller forfalska billett: 2000 kr, og billetten blir inndratt (uavhengig av kategori)
Gyldigheitstid
Kjøper du enkeltbillett via FRAM-appen, vil det bli berekna ei gyldigheitstid basert på din reisestrekning.
- Om du reiser i éi sone, kan du reise tur/retur på same billett.
- Om du reiser frå ei sone til ei anna sone, kan du ikkje reise tur/retur på same billett. Då er billetten berre gyldig på den reisestrekninga du har valt, éin veg.
Om gyldigheitstida går ut på grunn av forseinking i korrespondansar, vil sjåføren manuelt godkjenne billetten (basert på reisestrekning og tidspunkt).
Oversikt over dei ulike sonene finn du i kartet i reiseplanleggaren på frammr.no.
Gode nyheiter for studentar og lærlingar
I tillegg til at fylkestinget vedtok at det ikkje blir prisauke på FRAM Student, blir dette billettproduktet enda betre i 2023:
- Lærlingar vil no kunne kjøpe FRAM Student, og i tillegg vil FRAM Student gjelde for heile året, inkludert sommarferien, fortel Toril Karlsnes i FRAM.
Kontaktperson: Toril Karlsnes, seksjonsleiar FRAM marknad, tlf. 45 60 83 30
Publisert 21.12.2022