Skriftstørrelse
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
English

Å reise kollektivt

Her kan du finne nyttig informasjon for når du skal reise kollektivt.

Transportmidlane

FRAM tilbyr kollektivtransport med buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal.

Kystekspressen frå Kristiansund til Trondheim er AtB ansvarlege for.

Billettkontroll

Den reisande er ansvarleg for å ha gyldig billett, og for å ha med seg relevant dokumentasjon til den rabatterte billetten. Om du ikkje har korrekt billett og dokumentasjon i en billettkontroll, må du i tillegg til å betale for billetten betale eit gebyr på 1150 kroner, eller 950 kroner om du betalar på staden, for vaksen/honnør/student. For barn/ungdom over 15 år, blir gebyret 950 kroner uansett oppgjersform. Falsk eller forfalska billett får eit gebyr på 2000 kroner, og billetten blir inndratt (uavhengig av kategori).

Her kan du finne takstreglane for buss og hurtigbåt som har meir informasjon.

Regelverk og rettigheitene

For reisande med bussane gjeld vedtektene for transport med rutegåande busstrafikk i Noreg. Godkjent av Samferdselsdepartementet 27. februar 2004. Her kan du finne befordringsvedtektene.

EU har laga ei forordning som tek for seg rettane til deg som reisande med bussen. Her kan du finne kortversjonen med informasjon om EU-forordninga og rettane til busspassasjerane.

For reisande med ferjene gjeld transportvilkåra for ferje. I samsvar med sjøloven av 24. juni 1994 nr. 39 kap. 15. Her kan du finne transportvikåra for ferje. Og forskrifta om transport med ferje. Fastsett av Samferdselsdepartementet 26. mars 2003. Her kan du finne forskrift om transport med ferje.

Har du sendt inn klage til FRAM Kundesenter etter å ha reist kollektivt og ikkje er einig i utfallet etter at saka er behandla, kan du ta saka vidare til den nasjonale klagenemnda. Saka må være sendt til nemnda seinast fire veker etter at du/de har fått svaret på klaga frå FRAM Kundesenter. Her kan du finne informasjon og kontakte Transportklagenemnda.

Ikkje plassreservasjon

Vi har ikkje moglegheit til plassreservasjon på linjene våre, men er det behov for ekstrabuss på grunn av mange reisande, blir dette sett inn på aktuelle strekningar. Dette gjeld likevel ikkje om de er fleire enn ti personar, da må dette bli meldt inn i forkant. Du skal derfor vere trygg på at du får vere med bussen.

Reise med større gruppe

For å oppretthalde eit godt kollektivtilbod til dei reisande i fylket, ber vi dei som planlegg å reise i større grupper om å melde inn i god tid. Merk! Seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.

Det vil gjere det enklare å planlegge avgangane slik at ingen som skal reise kollektivt blir ståande igjen for å vente til neste ledige avgang.

Vi treng å vite talet reisande, kva for linje de vil reise med og forventa avgang. Meld inn til FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet.

Vi anbefaler barnehagane til å ha med barnesete til barnehagebarna som normalt bruker dette. Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane.

For gruppereiser med hurtigbåt, ring direkte til hurtigbåten. Du kan finne kontaktinformasjonen på rutetabellane for hurtigbåtane.

Merk! Det er ikkje mogleg å reservere plassen om bord på bussane, hurtigbåtane og ferjene til ein større gruppe.

Reglar for hund

Hund kan reise om bord på alle bussane. Her kan du finne vilkåra for å reise med hund om bord på FRAM Ekspress-rutene.

På hurtigbåtane treng hund å bli frakta i eiget bur/kasse når han skal vere i salongen om bord på hurtigbåten. Om ikkje, skal hunden vere på eige område utanfor salongen, anvist av mannskapet. Reglane skal sikre at hunden ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og lignande i salongen av omsyn til allergikarar og andre reisande. Reglane gjeld ikkje for nyttehund, politihund eller førarhund saman med blind/svaksynt.

På ferjene gjeld reglane reiarlaget som køyrer ferja har for hund. Kontakt mannskapet om bord for å høyre kva reglane er.

Reglar for mat og drikke om bord på buss

Vi ønsker at bussturen skal vere fin og triveleg for alle. Det betyr at vi må ta omsyn til medpassasjerane våre, også når det gjeld mat og drikke.

Husk at varm drikke i beger utan lokk kan vere farleg for andre passasjerar, og at mat med sterk lukt kan vere sjenerande. Matsøl og søppel er svært utrivelig for oss alle.

Dette kan du ikkje ta med på bussen:

  • Drikke i opne beger (gjeld både kalde og varme drikker)
  • Varm mat
  • Iskrem
  • Potetgull, baconcrisp og liknande produkt

Dette er tillatt å ta med inn på bussen:

  • Matpakke med brødskiver med pålegg som ikkje luktar sterkt
  • Baguette med «tørt» pålegg
  • Drikke i beger med lokk
  • Drikke på flaske med kork/topp
  • Sjokolade, drops og liknande
  • Frukt

Barnesete om bord i bussane

I bussane som køyrer i distrikta og i FRAM Ekspress-linjene er det to barnesete tilgjengeleg (med nokre unntak). Spør sjåføren om hjelp og tilgjengelegheit. Er det fleire barn som treng barnesete og skal reise, anbefaler vi å ta med eigne barnesete.

Bussane som køyrer berre i byane, har ikkje barnesete om bord.

Skoledag og skolefri

For enkelte av avgangane til bussane er tilbodet ulikt for skoledagane og skolefri, dette vil vere merka i rutetabellen. Her kan du finne informasjon om skolekalenderen (skoleruta).

Bruker du reiseplanleggaren på nett og i FRAM-appen til å finne rutetidene, treng du ikkje tenke på dette. Heilt enkelt.

Rutetidene til skolebussane

Foresatte som ønsker informasjon om rutetidene til skolebussane, kan kontakte skolen barnet går på.

Gode reisevanar på bussen

  • Bli sett. Bruk refleksen òg der det er lys i gata
  • Hald avstand. Hald minst ein meter avstand til bussane i bevegelse ved haldeplassane
  • Gi teikn. Tidleg og tydeleg teikn hjelper sjåføren når du skal stoppe bussen
  • Først av, så på. Ver høfleg og ta omsyn til andre reisande som skal gå på eller av
  • Ver klar. Ha FRAM-appen, reisekortet og anna betaling klar før du går om bord
  • Hald eventuell legitimasjon/dokumentasjon du treng for rabatterte billettar klar når du går om bord
  • Gå samla. Når éin person skal betale for fleire, gå samla om bord
  • Ha gyldig billett. Å reise utan er flaut og kan koste deg dyrt
  • Tenk tryggheit. Ikkje gå i bussen under kjøring
  • Bruk setebelte i bussane som har det og festereim for barnevogn
  • Tenk på andre. Unngå høglydte og lange telefonsamtalar i bussen
  • Del gjerne plassen din med nokon som treng han meir enn deg
  • Hald bussen rein. Unngå søling eller rot med drikke og mat om bord
  • Ha beina på golvet, ikkje i setet kor andre skal sitte
  • Ta generelt omsyn til andre reisande og takk - det er så lite som skal til

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.