Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kultuprisen til Stig Nilsson

Stig Nilsson frå Kristiansund vart måndag tildelt Møre og Romsdal fylkeskommune sin kulturpris for 2010.

Det skjedde ved fylkestingets opning. 

Stig Nilsson har heilt sidan 16-årsalderen gjort ein vesentleg innsats for kulturlivet i fylket. Han har gjeve ut plater, forfatta visebøker, skrive barnebok og biografiar m.a. om dirigenten og korpedagogen Per Oddvar Hildre og gitaristen og komponisten Frode Alnæs. Han er også mannen bak ei ordbok med meir enn 1500 ord og uttrykk frå fleire generasjonar på Kristiansundsdialekt.

Stig Nilsson har levert store mengder dramatikk til teatre rundt om i landet; som Det Norske teater, Nord Trøndelag Teater, Operaen i Kristiansund og ei rad friteatre. Han er mannen bak librettoen til "Lady Arbutnott- frua til Elverhøy" som i 16 år har gått for fulle hus ved Sunndal kulturfestival. Teksten til  folkeoperaen "Donna Bacalao" til musikk av Frode Alnæs er også forfatta frå Nilssons hand.

 Nilsson vart i 1993 tildelt NOPAS pris for "Årets verk". I 1993 blei han tildelt Nordeas kulturpris. I tillegg til alt dette har han levert nærare 200 songtekstar til våre aller fremste artistar som Sissel Kyrkjebø, Jørn Hoel, Hanne Krogh, Karoline Kruger, Arja Saijonmaa og mange fleire.
 
Fylkeskulturprisen består av eit pengebeløp på kr 50.000 og diplom. 

-Mitt prosjekt er kjærleiken. Det finnst ikkje noko anna å skrive om, sa Nilsson då han fekk prisen. Nilsson stod og for det kulturelle innslaget ved fylkestingets opning, ved å framføre tre av sine eigne viser. 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00