Sanntidsinformasjonen gjer at vi kan oppgi avgangen til bussen, hurtigbåten og ferja nesten heilt nøyaktig. I reiseplanleggaren på nettsida og FRAM-appen får du opp søk med denne informasjonen. Det gjer det enklare og føreseieleg for deg å reise kollektivt.
I 2020 blei det sanntid på fleire av rutene i fylket. Alle FRAM Ekspress-rutene har blant anna denne teknologien.
No kan du kan óg sjekke avgangane til rutene som køyrer i Ålesund, Kristiansund og Molde i sanntid gjennom FRAM-appen og reiseplanleggaren. I tillegg til rutene i Giske, Sula, Averøy, Aure, Smøla, Gjemnes, Hustadvika og Aukra kommune.
Avgangane med sanntid blir vist i gult om det er avvik. Det gjer det enklare og føreseieleg for deg å reise kollektivt.
Her er nokon av fordelane med å ha sanntidsinformasjonen om bord i bussane:
Skilta viser berekna tid for når ferja vil køyre frå kaia med klokkeslettet og tel ned frå 10 til 0 minutt. Avgangar som ikkje har berekna tid tilgjengeleg, viser planlagt rutetid etter rutetabellen i klokkeslettform (tt:mm). Vi har skilt med sanntid på 39 kaier. Kaiene som har dette er valt ut frå talet reisande og køyretøy som nyttar dei ulike sambanda.
Nedanfor er kaiene som har montert skilt med sanntidsinformasjon:
Molde | Vestnes | Sykkylven | ||
Magerholm | Hareid | Sulesund | ||
Festøy | Solavågen | Volda | ||
Folkestad | Sølsnes | Åfarnes | ||
Halsa | Kanestraum | Hollingen | ||
Aukra | Eidsdal | Linge | ||
Seivika | Tømmervåg | Stranda | ||
Liabygda | Solholmen | Mordalsvågen | ||
Årvika | Kopparneset | Kvanne | ||
Rykkjem | Lauvstad | Skjeltene | ||
Brattvåg | Edøy | Sandvika | ||
Haramsøya | Harøya | Larsnes | ||
Sæbø | Leknes | Dryna | ||