Reisegarantien for busstransporten er bygd på den anbefalte bransjestandarden frå 2015, utarbeidd av Kollektivtrafikkforeininga og NHO Transport.
Reisegarantien for hurtigbåttransporten er bygd på den anbefalte bransjestandarden frå 2021, utarbeidd av Kollektivtrafikkforeininga, som bygger på EU nr. 1177/2010.
Her kan du fylle ut reisegarantiskjema digitalt.
Merk! Reisegarantien gjeld ikkje for ferjene.
Med reisegarantien til FRAM forpliktar vi oss til å gjere vårt beste for at du kjem fram til rett tid.
Det kan likevel oppstå forseinkingar eller anna svikt i kollektivtilbodet, då vil vi:
Ver merksam på at du bruker gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det er ofte eigne rutetabellar ved jul, påske og i sommarferiar.
For at kravet skal gjelde, må du sende inn reisegarantiskjema eller kontakte FRAM Kundesenter skriftleg seinast 1 månad etter hendinga. Vi vil svare deg så raskt som mogleg og seinast 1 månad frå vi har motteke skjemaet.
Om du er ueinig i utfallet av klaga retta til FRAM, kan Transportklagenemnda vurdere saka. Klagene som skal bli behandla i nemnda, må vere sendt inn før det har gått 1 år etter at du som klagar sendte inn den skriftlege reklamasjonen til FRAM Kundesenter.
Om alternativ transport ikkje er mogleg, blir dokumenterte utlegg til drosje og/eller eigen bil eller annan alternativ transport, refundert etter følgande satsar:
På reiser over 3 timar, kor forseinkinga fører til at du ikkje når fram før dagen etter, kan du få dekka faktiske kostnader til overnatting. Merk! Dette må på førehand være klarert av FRAM Kundesenter.
Retten til refusjon gjeld ved alle avvik som det ikkje er informert om på førehand. Refusjonen gjeld anna rutetilbod, drosje eller eigen bil (1). Om du kan bruke eit anna rutetilbod bør du gjere det, eventuelt i tillegg til drosje eller eigen bil.
Reisegarantien gjeld for enkeltreiser og ved overgang på reisene dine. Du må rekne nok overgangstid i tillegg til nødvendig gangtid, dersom det ikkje er fast korrespondanse.
Reisegarantien gjeld ikkje om det er 20 minutt eller mindre til neste avgang ifølge rutetabell.
Reisegarantien gjeld heller ikkje om forseinkinga eller innstillinga skjer på grunn av forhold utanfor kontrollen til FRAM eller operatøren. Dette er tilfelle som (for eksempel):
Reisegarantien omfattar heller ikkje tap som følge av forseinkinga, som for eksempel mista tannlegetime, jobbavtale, togavgang eller flyavgang.
FRAM stiller klare krav til alle operatørar (busselskapa og reiarlaga) i våre kontraktar om handtering av forseinkingar, venting ved korrespondansar og garanti for plass om bord. I tilfelle kor mellom anna FRAM Ekspress er forseinka, betalar vi ferjeselskapet for å vente på bussen.
(1) Ved refusjon av kilometergodtgjersle, er det berre sjåføren som kan sende inn krav om fleire reiser saman. Refusjonen gjeld berre kilometergodtgjersle, ikkje ferje, bompengar og parkering.
Her kan du fylle ut reisegarantiskjema digitalt eller fyll ut dette reisegarantiskjemaet for utskrift og send i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.
Med reisegarantien til FRAM forpliktar vi oss til å gjere vårt beste for at du kjem fram til rett tid.
Det kan likevel oppstå forseinkingar eller anna svikt i kollektivtilbodet, då vil vi:
Informasjonen skal vere tilgjengeleg som tekst og lyd, for eksempel tekst til tale, på ein enkel og forståeleg måte.
Ver merksam på at du bruker gjeldande rutetabell og informasjon om kollektivtilbodet. Det er ofte eigne rutetabellar ved jul, påske og i sommarferiar.
For at kravet skal gjelde, må du sende inn reisegarantiskjema eller kontakte FRAM Kundesenter skriftleg seinast 2 månader etter hendinga. Vi vil svare deg så raskt som mogleg og seinast 1 månad frå vi har motteke skjemaet.
Om du er ueinig i utfallet av klaga retta til FRAM, kan Transportklagenemnda vurdere saka. Klagene som skal bli behandla i nemnda, må vere sendt inn før det har gått 1 år etter at du som klagar sendte inn den skriftlege reklamasjonen til FRAM Kundesenter.
Retten til refusjon gjeld ved innstilt avgang eller forseinking med meir enn 90 minutt. I tilfellet skal du enten få:
3a) refusjon for betalt billett innan 7 dagar, eller
3b) ny reiserute til same pris og på same avtalevilkår (reisevilkår)
3c) informasjon om ny reiserute innan 30 minutt. Om du ikkje får informasjon innan 30 minutt, kan du i staden velje alternativ transport og få dekt utgiftene etter reglane i punkt 5.
Dersom du vel alternativ i punkt 3b eller 3c har du rett til kompensasjon etter følgande reglar:
Ved forseinka framkomst til din endelege bestemmelsesstad kan du krevje kompensasjon for billettprisen, utan å miste retten til transport, som skal vere 25% av billettprisen ved forseinking på minst:
4a) Ein time for ei reise med fastsatt varigheit på inntil fire timar
4b) To timar for ei reise med fastsatt varigheit på over fire timar, men ikkje meir enn åtte timar
Dersom du reiser med periodebillett, og du har vore ramma av forseinka framkomst meir enn tre gonger i låpet av ein månad, får du kompensasjon etter reglane over. I berekninga skal det bli tatt utgangspunkt i verdien på periodebilletten delt på talet gyldigheitsdagar. Kompensasjon under 50 kroner blir ikkje utbetalt.
Dersom forseinkinga er meir enn det dobbelte av det som er gitt i punkt 4a og 4b, skal kompensasjonen utgjere 50 % av billettprisen.
Du må berekne tilstrekkeleg overgangstid, i tillegg til nødvendig gangtid, dersom det ikkje er fast korrespondanse.
Om vi ikkje kan tilby deg ny reiserute, som beskreve i punkt 3c, vil vi dekke utlegg til drosje eller anna alternativ transport dersom du blir meir enn:
5a) 30 minutt forseinka på reiser under 1 time med inntil 750 kroner
5b) 60 minutt forseinka på reiser mellom 1 og 3 timar med inntil 1000 kroner
5c) 90 minutt forseinka på reiser over 3 timar med inntil 1500 kroner
Køyrer du privat bil eller båt, får du dekka turen etter staten sine satsar for køyregodtgjeresle. Berre ein person får køyregodtgjeresle per tur.
Reisegarantien gjeld ikkje dersom det er 30 minutt eller mindre til neste avgang i følge rutetabellen. Eller dersom det er informert om forseinking eller innstilling av avgangen på nettsida til FRAM, eller annan egna stad, før avgangstid.
Reisegarantien gjeld heller ikkje om forseinkinga eller innstillinga skjer på grunn av forhold utanfor kontrollen til FRAM eller operatøren. Dette er tilfelle som (for eksempel):
Reisegarantien omfattar heller ikkje tap som følge av forseinkinga, som for eksempel mista tannlegetime, jobbavtale, togavgang eller flyavgang.
Rettigheitene i punkt 3 og 4 til kompensasjon gjeld ikkje dersom vi kan bevise at avgangen er innstilt eller forseinka på grunn av vêrforhold som vanskeliggjer sikker drift av fartøy, eller andre ekstraordinære omstendigheiter som er til hinder for at persontransporten kan gjennomførast, og som ikkje kunne ha vore unngått sjølv om alle rimelege tiltak var treft.
Her kan du fylle ut reisegarantiskjema digitalt eller fyll ut dette reisegarantiskjemaet for utskrift og send i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.