Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Overgang

Å bytte frå ein av bussane eller hurtigbåtane til anna buss eller hurtigbåt, blir rekna som ein overgang. Dette gjeld når byttet mellom transportmidla er del av ei lengre reise.

Når du reiser kollektivt i Møre og Romsdal, skal det så langt som mogleg bli selt ein samla billett for heile reisa. Eller at du betaler alle billettane for reisa på første transportmiddel.

Billetten kan du òg bruke til å reise vidare i den siste sona som står på billetten, så lenge tida på billetten ikkje har gått ut (normalt innan 60 minutt etter framkomsttida).

Merk! Billetten gjeld ikkje for returen på ei lengre reise, sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut.

Overgang med periodebillett

Har du periodebillett for eit området, gjeld billetten for overgangen på alle ruter og soner i området. Ved overgang mellom bussane eller hurtigbåt blir reisekortet og billetten i FRAM-appen lest av (validert) på bussen/hurtigbåten.

Merk! Reglene til FRAM for overgang gjeld ikkje om bord på Kystekspressen, som høyrer til kollektivtilbodet til AtB i Trønderlag. Her kan du finne nettstaden til AtB.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00