Her vil du finne svar på spørsmåla som ofte blir stilt til FRAM Kundesenter på telefon og i kontaktskjemaet.
I reiseplanleggaren kan du leggje informasjon om kor du vil reise frå og til og få informasjon om fleire moglege reisealternativ. Det er ikkje nødvendigvis korrespondanse mellom avgangane du for oppgitt. Berekn overgangstid i tillegg til eventuelt gangtid mellom haldeplassane. Her kan du prøve å søke i reiseplanleggaren på forsida.
Du kan bruke reisegarantien til FRAM for å få dekt utgiftene til alternativ transport med drosje eller privatbil o.l. Her kan du finne informasjon om reisegarantien og skjemaet til å sende inn.
Med FRAM-appen kan du kort fortalt bruke mobiltelefonen til å søke i reiseplanleggaren, kjøpe billetten, og sjekke om det er avvik på avgangen. Alt er samla i éin app. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen.
Ja, det kan du. For å bruke billettlesarane finn du fram billetten og koden for billetten i FRAM-appen, og hald skjermen til mobiltelefonen cirka fem centimeter foran kameraet i bunnen av lesaren. Eventuelt først éin gong for å aktivere det blå lyset for kameraet til lesaren (om det har slått seg av), og éin gong til for å lese av koden. Dette tek cirka to-tre sekund. Om det tek lengre tid, prøv å hald mobilen heilt i ro, beveg mobilen lengre unna eller nærmare lesaren.
Er billetten gyldig blir skjermen på billettlesaren grønn, og du høyrer ein lyd. Er billetten ugyldig, blir skjermen raud og du høyrer ein annan lyd.
Ja, alle bussane og hurtigbåtane til FRAM har bankkortterminalar tilgjengeleg. Det har også ferjene.
Reisekortet er for deg som reiser både ofte og sjeldan, og er eit plastkort du elektronisk legg billettane dine på. I tillegg har reisekortet ein verdidel kor du kan fylle på pengar og bruke verdien som betalingsmedel til kjøp av enkeltbillettar og periodebillettar. Her kan du finne informasjon om reisekortet.
Ja, å sende ei pakke med bussen eller hurtigbåten er enkelt og eit godt alternativ for å få levert pakken raskt. Det er viktig å vite at avsendaren skal alltid betale for frakta ved sending av pakke med bussen eller hurtigbåten. Mottakaren er ansvarleg for å møte opp ved avtalt stoppestad eller kai for å ta imot pakken når bussen/hurtigbåten kjem. Uhenta pakkar/varer blir returnert til avsendarstaden/ekspedisjonen. Her kan du finne prisane for sending av pakke med bussen eller hurtigbåten.
Merk! For å bestille fraktmerke, send e-post til busspakkar@mrfylke.no med talet fraktmerke du treng. I tillegg til org.nr., firmanamn, firmaadresse, fakturaadresse og leveringsadresse.
Dette er transport som berre køyrer på bestilling, som regel med taxi. Her kan du finne informasjon om FRAM Flexx og FRAM Svipp og bestille ein tur.
Om du er 100 prosent sjukemeldt i minst åtte dagar, kan du få refundert den delen av perioden som er igjen for billetten frå og med den første sjukemeldingsdagen. Utrekninga av refusjonsbeløpet gjer vi når du har sendt inn ein kopi av sjukemeldinga, kjøpskvittering for periodebilletten og eit utfylt skjema for refusjon. Her kan du finne refusjonsskjemaet. Send det i posten til: FRAM Kundesenter, Postboks 743, 6501 Kristiansund N.
For enkelte av avgangane til bussane er tilbodet ulikt for skoledagane og skolefri, dette vil vere merka i rutetabellen. Her kan du finne informasjon om skolekalenderen (skoleruta).
Bruker du FRAM-appen og reiseplanleggaren til å finne rutetidene, treng du ikkje tenke på dette. Heilt enkelt.
I tilfella kor det har gått eit ras/skred kan det bli sett inn alternativ rute med ferje mellom Hellesylt og Geiranger om vegen blir stengd lenge. Her kan du finne informasjon om den alternative ruta for fylkesvegen om vegen er stengd.
Betalingsordninga for ferjestrekningene i heile landet, blir kalt AutoPASS for ferje.
I Møre og Romsdal kunne du begynne å betale på ferjene med AutoPASS-ferjekort frå og med 1. januar 2019. Her kan du finne informasjon om AutoPASS.
Merk! Frå 6. april 2020 gjeld billettering ved skiltgjenkjenning og det kom nye prisar for ferje. Du skal ikkje betale manuelt til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.
Du kan kontakte operatøren for bussen, hurtigbåten eller ferja. Om det er mogleg å spore deg opp som eigar av gjenstandane som er gløymde, blir du kontakta. Her kan du finne informasjon om hittegodset.