Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Innfartsparkering

FRAM ønsker å sjå på moglegheita av å skape fleire innfartsparkeringar slik at pendlarar kan køyre til sentrale knutepunkt og ta kollektivtransport vidare.

Pendlerparkering på Moa

Samarbeidet mellom FRAM, Ålesund kommune og Ålesund parkering om eit tilbod om innfartsparkering på Moa som starta opp i oktober 2021, blir vidareført etter prøveperioden.

Tilbodet omfattar om lag 60 parkeringsplassar aust for svømmehallen på Moa.

Du kan kjøpe parkering for 1 dag inkludert bussbillett i parkeringsappen FlexiPark. Parkering med varigheit 12 timar + buss tur/retur Moa kostar 44 kronar – det same som ein bussbillett ein veg.

Pendlarar med gyldig periodebillett frå FRAM kan og bruke desse parkeringsplassane. Utskrift/bilde av gyldig periodebillett må plasserast i frontruta på bilen. 

På litt sikt ser vi for oss ei løysing for å knytte parkeringsapp og gyldig periodebillett saman, men dette vil det ta noko tid å få på plass.

Les meir om kvar desse plassane ligg og fleir detaljar om tilbodet her.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00