Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Hittegods

Har du gløymt noko om bord på bussen, hurtigbåten eller ferja, og gjerne vil ha det tilbake?

Ansvaret for oppbevaring av gløymde ting på køyretøya eller fartøya ligg hos operatøren for bussen, hurtigbåten eller ferja. Om det er mogleg å spore deg opp som eigaren av gjenstandane som er gløymde, blir du kontakta.

Innan to verkedagar kan gjenstandane med høg verdi, lommebøker og mobiltelefonar o.l., bli levert ut etter nærmare avtale. Det blir levert til politiet etter ei veke. Anna ting, som klede, blir oppbevart ei månad før det blir levert til velgjerande føremål.

Når du tek kontakt, er det viktig å vite kva for rute og avgang du reiste med.

Det må vere personleg oppmøte for henting av gløymde ting.

 

For bussane er kontaktinformasjonen delt inn etter geografisk område.

Ålesund, Giske og Sula

Moa trafikkterminal, telefon 70 14 72 50 (måndag-fredag kl. 09.00-16.00).

Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla

Tide Buss AS, (avdeling Kristiansund), telefon 948 13 875 (måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Molde og Gjemnes

Nettbuss AS, (avdeling Molde), telefon 913 56 245 (måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Nordre og Søre Sunnmøre

Nettbuss AS, (avdeling Ålesund), telefon 815 22 900 (måndag-fredag 08.00-15.30).

Sunndalsøra, Surnadal, Trondheim og Oppdal

Nettbuss AS, (avdeling Sunndalsøra), telefon 918 02 807 / 815 22 900 (måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Rauma, Vestnes og Skåla

Veøy Buss AS, (avdeling Åndalsnes), telefon 71 22 70 00 (måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

Fræna, Eide, Midsund og Aukra

Boreal Buss AS, (avdeling Elnesvågen), telefon 416 60 323 (måndag-fredag kl. 08.00-15.30).

 

Hurtigbåt og ferje

Har du gløymt noko om bord på hutigbåtane eller ferjene, kan du kontakte mannskapet på fartøyet du reiste med.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula