FRAM tilbyr kollektivtransport med buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal.
Frå Kristiansund til Trondheim er AtB ansvarlege for hurtigbåten kalt Kystekspressen. Her kan du finne nettstaden til AtB.
Møre og Romsdal er delt inn i ulike takstsonar. Prisen på billettane blir bestemt av kor mange sonar du reiser igjennom. Her kan du finne sonekartet for Møre og Romsdal.
Når du kjøper ein billett til bussen, hurtigbåten eller ferja merka med FRAM inngår du ei avtale om kollektivtransport i Møre og Romsdal, som skjer på bakgrunn av FRAM sine reisevilkår. Her kan du finne ein oversikt over billettane og informasjon om prisane.
Billetten får du kjøpt rett på mobilen gjennom FRAM-appen, om bord på bussen, hurtigbåten og ferja, og ved å besøke rutebilstasjonane, Kristiansund trafikkterminal, Molde trafikkterminal og Moa trafikkterminal. I tillegg kan du kjøpe periodebillettar og verdi i nettbutikken og ha på reisekortet.
Du kan kjøpe ein samla billett av FRAM når du skal reise over ei lengre strekning med bussane, kalt gjennomgåande billett. Billetten kan du òg fortsette å bruke i den siste sona som står på billetten, så lenge tida på billetten ikkje har gått ut (normalt innan 60 minutt etter framkomsttida). Dette kallar vi overgang. Merk! Billetten gjeld ikkje for returen på ei lengre reise, sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut.
Den reisande er ansvarleg for å ha gyldig billett, og for å ha med seg relevant dokumentasjon til den rabatterte billetten. Om du ikkje har korrekt billett og dokumentasjon i en billettkontroll, må du i tillegg til å betale for billetten betale eit gebyr på 500 kroner ved betaling på staden. Blir det sendt faktura er gebyret sett til 750 kroner.
For reisande med bussane gjeld vedtektene for transport med rutegåande busstrafikk i Noreg. Godkjent av Samferdselsdepartementet 27. februar 2004. Her kan du finne befordringsvedtektene.
EU har laga ei forordning som tek for seg rettane til deg som reisande med bussen. Her kan du finne kortversjonen med informasjon om EU-forordninga og rettane til busspassasjerane.
For reisande med ferjene gjeld transportvilkåra for ferje. I samsvar med sjøloven av 24. juni 1994 nr. 39 kap. 15. Her kan du finne transportvikåra for ferje. Og forskrifta om transport med ferje. Fastsett av Samferdselsdepartementet 26. mars 2003. Her kan du finne forskrift om transport med ferje.
Har du sendt inn klage til FRAM Kundesenter etter å ha reist kollektivt og ikkje er einig i utfallet etter at saka er behandla, kan du ta saka vidare til den nasjonale klagenemnda. Saka må være sendt til nemnda seinast fire veker etter at du/de har fått svaret på klaga frå FRAM Kundesenter. Her kan du finne informasjon og kontakte Transportklagenemnda.
For å oppretthalde eit godt kollektivtilbod til dei reisande i fylket, ber vi dei som planlegg å reise i større grupper om å melde inn i god tid. Merk! Seinast kl. 12.00 dagen før de skal reise.
Det vil gjere det enklare å planlegge avgangane slik at ingen som skal reise kollektivt blir ståande igjen for å vente til neste ledige avgang.
Vi treng å vite talet reisande, kva for rute de vil reise med og forventa avgang. Meld inn til FRAM Kundesenter gjennom kontaktskjemaet eller på telefon 71 28 01 00.
Vi anbefaler barnehagane til å ha med barnesete til barnehagebarna som normalt bruker dette. Det er setebelte i alle bussane bortsett frå bybussane i Molde og Kristiansund.
Det er ikkje mogleg å reservere plassen om bord på bussane, hurtigbåtane og ferjene til ein større gruppe.
Vi ber dei som reiser med bussane om å ta omsyn til andre reisande, og følgje reglane som gjeld for bagasje.
Her er eit utdrag frå reglementet sett av Samferdselsdepartementet:
§ 9 Håndbagasje
Reisende kan fritt ta med lett håndterlige gjenstander (håndbagasje) med samlet vekt inntil 20 kg for hver billett. Bagasjen må anbringes slik at den ikke sjenerer de reisende eller hindrer på- og avstigning.
§ 10 Annet reisegods
Mot fraktgodtgjørelse kan det medtas tyngre eller større gjenstander eller bagasje i den utstrekning plassen tillater det og vognbetjeningen finner det forsvarlig. Slike gjenstander skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen. Barnevogner kan medtas i den utstrekning plassen tillater det og skal anbringes etter anvisning av vognbetjeningen.
FRAM-bussane er utforma etter krav om universell utforming. På grunn av sikkerheit er det visse grenser for størrelsen og vekta for rullestol om bord på buss. Tillaten størrelse og vekt samsvarer med dei elektriske rullestolane som er mest brukt i dag.
Merk! Du er ansvarleg for å halde deg innanfor grensene, og ver merksam på at rullestolen ikkje kan bli med bussen om måla er større.
Dette er grensene:
Hund kan reise om bord på alle bussane, det er òg tillate å reise med katt i eit bur. Her kan du finne vilkåra for å reise med hund om bord på FRAM Ekspress-rutene.
På hurtigbåtane treng hund og katt å bli frakta i eiget bur/kasse når dei skal vere i salongen om bord på hurtigbåten. Om ikkje, skal dyra vere på eiget angitt område utanfor salongen, anvist av mannskapet. Reglane skal sikre at dyra ikkje kjem i kontakt med stolar, tepper og lignande i salongen av omsyn til allergikarar og andre reisande. Reglane gjeld ikkje for førarhunden saman med ein blind/svaksynt, nyttehund og politihund.
Vi ønsker at bussturen skal vere fin og triveleg for alle. Det betyr at vi må ta omsyn til medpassasjerane våre, også når det gjeld mat og drikke.
Husk at varm drikke i beger utan lokk kan vere farleg for andre passasjerar, og at mat med sterk lukt kan vere sjenerande. Matsøl og søppel er svært utrivelig for oss alle.
For enkelte av avgangane til bussane er tilbodet ulikt for skoledagane og skolefri, dette vil vere merka i rutetabellen. Her finn du informasjon om skolekalenderen (skoleruta).
Bruker du FRAM-appen og reiseplanleggaren til å finne rutetidene, treng du ikkje tenke på dette. Heilt enkelt.
Foresatte som ønsker informasjon om rutetidene til skolebussane, kan kontakte skolen barnet går på.