Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Trygg og triveleg reise for alle

Vi ønsker at det skal vere triveleg å reise med FRAM og at du skal føle deg trygg når du reiser kollektivt. Det er fleire ting du kan gjere for å bidra til ei trygg og triveleg reise for alle.

Ta omsyn til andre

Når du reiser kollektivt, ber vi om at du oppfører deg slik at du ikkje er til sjenanse for andre reisande. Om alle tar omsyn, blir reisa triveleg for fleire og tryggleiken om bord blir betre.

  • Bruk setebelte der det er tilgjengeleg.
  • Ta omsyn når du pratar med andre og høyrer på musikk.
  • Unngå å søle og rote om bord.

Vent med å gå over vegen

Ver varsam når du skal gå over vegen etter å ha gått av bussen.

Så lenge bussen står på haldeplassen, er det vanskeleg for møtande trafikk å sjå deg, og du har ikkje kontroll over trafikkbiletet.

  • Vent til bussen har køyrt og sjå deg godt om til begge sider før du går over vegen.

Vis at du skal på

Det kan vere vanskeleg for sjåføren å sjå deg på haldeplassen, og det kan vere vanskeleg å vite om du vil vere med.

  • Strekk ut armen når bussen kjem.
  • ­Bruk refleks på armen når det er mørkt.

Velkommen om bord. God tur!

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00