Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Travel like the locals

Turistopplevingar med offentleg transport!

Når du reiser med offentleg transport, får du ei heilt unik oppleving av området du besøker.

Vi har gjort det enkelt for deg å reise kollektivt når du er turist hos oss. Vi har sydd saman dei mest populære reiserutene i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs.

Vel ditt utgangspunkt nedanfor, les meir om dei ulike turane og bestill enkelt på nett. Billetten får du på e-post saman med ei turbeskriving.

Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i heile Fjord Norge-området (Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland).

God tur!
 

Her kan du finne befordringsvedtektene for reiser med bussane.

Her kan du finne informasjon om personvern.

Vel din avgangsstad

Turar frå Kristiansund
Turar frå Kristiansund

På våre turar frå Kristiansund kan du oppleve Atlanterhavsvegen, dei mystiske marmorgrottene på Bergtatt og Kvernes stavkirke. Du kan besøke Veiholmen - det vakre fiskeværet ytterst mot havgapet på Smøla, og på Valsøya kan du besøke  klatreparken, leige kajakk eller gå ein fin fottur. Du kan og besøke nabobyane Molde og Ålesund.

Klikk her for meir informasjon og booking.

Turar frå Molde
Turar frå Molde

Opplev Atlanterhavsvegen og dei mystiske marmorgrottene på Bergatt eller reis til Ona - øya ytterst i havgapet eller til fiskeværet Bud. Du kan og reise til nabobyen Kristiansund via Atlanterhavsvegen eller besøke Valsøya med klatrepark, kajakkutleige og fine turmoglegheiter. En flott fjelltur frå Midsund og tur til Geiranger er og tilgjengeleg frå Molde.

Klikk her for meir informasjon og booking.

Turar frå Åndalsnes
Turar frå Åndalsnes

Frå Åndalsnes kan du reise til Geiranger via Trollstigen, enten ein veg eller som rundtur. Du kan og ta buss til Trollstigen og gå ein fottur derfra før du returnerer til Åndalsnes. Det er mogleg å ta ein rundtur til Molde eller kombinere eit besøket i Molde med Atlanterhavsvegen og eventuelt også dei mystiske marmorgrottene på Bergtatt. Envegsturar til Ålesund og Molde er og tilgjengelege.

Klikk her for meir informasjon og booking.

Turar frå Ålesund
Turar frå Ålesund

Fra Ålesund har du mange moglegheiter. Opplev sjø og hav på turane til Nordøyane, Godøy og Alnes fyr, Runde, Finnøya & Ona og Atlanterhavsvegen. Sjå fjell og fjord på turane til Geiranger, Valldal, Trollstigen og Stranda & Storfjord. Besøk dei mystiske marmorgrottene på Bergatt, og opplev nabobyane Molde og Kristiansund.

Klikk her for meir informasjon og booking.

Turar frå Geiranger
Turar frå Geiranger

Fra Geiranger kan du ta turen til Åndalsnes via Ørnevegen og Trollstigen. Du kan enten reise en veg eller ta en rundtur. Du kan også reise til jugendbyen Ålesund og Molde - rosenes by.

Klikk her for meir informasjon og booking.

Turar frå Stryn
Turar frå Stryn

Frå Stryn kan du reise med FRAM til til Geiranger, enten ein veg eller på rundtur. Du kan og reise frå Stryn til Ålesund. 

Klikk her for meir informasjon og booking.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00