Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flybuss

FRAM har ikkje eigne flybussar. Nedanfor får du meir informasjon om kollektivtilbodet til og frå flyplassane i fylket. 

Ålesund

I Ålesund er det eit kommersielt flybusstilbod. FRAM sine bussar stoppar ved hovudvegen eit lite stykke frå terminalen på Vigra lufthavn.

Reiseplanleggaren på denne nettsida og i FRAM-appen viser både FRAM sine avgangar og avgangane til dei kommersielle aktørane. 

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene til Ålesund lufthavn (Vigra)

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene frå Ålesund lufthavn (Vigra)

Kristiansund

I Kristiansund kan du ta linje 801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn og linje 802 Dale-Kristiansund lufthavn til og frå Kristiansund lufthavn.

For deg som kjem med bussen frå andre stader enn Kristiansund eller skal til andre stader enn Kristiansund med buss, har vi eit samarbeid med taxiene for transporten mellom Kristiansund lufthavn og desse FRAM Ekspress-linjene:

  • 100/101 Kristiansund-Molde-Ålesund-Volda
  • 901 Kristiansund-Oppdal og 905 Trondheim-Kristiansund-Molde
  • 821 Kristiansund-Tustna-Aure-Kjørsvikbugen

Be sjåføren om å bestille overgangen til taxi.

På veg til Kristiansund lufthavn, kan du gå av bussen ved Seivika-krysset og deretter bruke taxi til flyplassen. 

På veg frå Kristiansund lufthavn, kan du bruke taxi og stanse turen ved Futura for overgang til rutene 100/101, 901, 905 og 821. 

Du betaler 37 kroner for taxituren.

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene til Kristiansund lufthavn (Kvernberget)

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene frå Kristiansund lufthavn (Kvernberget)

Molde

Ein del bussar køyrer ned til terminalen ved Molde lufthavn ogstoppar utanfor 1. etasje. I tillegg køyrer vi på hovudvegen ovanfor flyplassen. Hovudvegen ligg berre 450 meter frå terminalen.

Her finn du eit kart over gangvegen mellom Molde lufthavn og hovudvegen.

For ei reise mellom Molde lufthavn og sentrum kostar billetten 37 kroner for vaksen og 19 kroner for barn/honnør.

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene til Molde lufthavn (Årø)

Her kan du søke i reiseplanleggaren etter rutetidene frå Molde lufthavn (Årø)

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00